Lokalnytt

Regnet stoppa ikkje Kløvertur-deltakarar

Det vart store dammar av alt regnet, men Kløverturen med Sunnylven sanitetslag samla mange og gjekk som planlagt

Veret vart ikkje slik Sunnylven sanitetslag håpa på då dei inviterte til kløvertur torsdag 6. oktober. Men mange kom og gjekk tur likevel, og fekk seg kveldsmat etterpå.

Vi talde 20 personar godt kledde for regnveret som var på Hellesylt torsdag. Kløverturen gjekk til trimposten på Shell-kaia denne kvelden.
Temperaturen var bra, vinden var fråverande, men det regna godt. Og alle hadde kledd seg for forholda så turen gjekk fint, også for seks, sju som gjorde turen enno lenger. Dei var like godt oppom Åsebrua før Shell-kaia.

På kyrkjelydshuset vart det servert kveldsmat. På det lage bordet hadde sanitetskvinnene sett fram grovt brød, pålegg av ost , egg, kjøttpålegg og salatar, kaffi, te og anna drikke.

Leiar i sanitetslaget, Hilde Langlo Brekke var imponert over frammøtet i regnveret. Og sjølv om det er kjekt med Kløverturar har sanitetslaget planlagt andre arrangement ut over hausten. Det er strikkekveldar i lagsrommet på kyrkjelydshuset, laget inviterer pensjonærar på bingo på omsorgssenteret annakvar veke, og truleg blir det laurdagskafe på samfunnshuset. Og før jul blir det adventsstund med servering til pensjonærane på Sunnylven omsorgssenter

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380