Lokalnytt

Sanitetslaget håper mange kjem på Kløvertur.

Frå ein tidlegare Kløvertur til Shell-kaia. Frammøte er ofte bra, noko sanitetslaget håper på også denne gongen.

Kløvertur er ein av basisaktivitetane til sanitetskvinnene der hovudformålet er å få folk i alle aldrar ut på tur. Torsdag inviterer Sunnylven sanitetslag til Kløvertur til Shell-kaia og med kveldsmat etterpå.

Det å gå fleire i lag er ofte den motivasjonen som skal til for at ein gjennomfører tuen, kort eller lang, heiter det frå sanitetskvinnene

Sunnylven sanitetslag har arrangert Kløvertur mange gonger dei siste åra. Det har blitt korte kveldsturar, eller på dagtid til sætredalar som Kjellstaddalen eller til Nedstevatnet på Flofjellvegen.

Torsdag 6. oktober inviterer Sunnylven sanitetslag til ein av dei korte Kløverturane, frå kyrkjelydshuset i Gatå på Hellesylt til Shellkaia og tilbake. På kyrkjelydshuset spanderer sanitetslaget god og næringsrett kveldsmat etterpå, heilt gratis. Frammøte og start på rusleturen er i Gatå klokka 18.00. (Sjå oversikt over arrangement)

Leiinga i Sunnylven sanitetslag håper mange kjem, både unge og eldre. Skulle veret slå seg vrangt er det berre å leite fram dei rette kleda!!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380