Lokalnytt

Sigrid Moldestad samla fullsett storstove på Hellesylt.

Sigrid Moldestad på scena i Sunnylven samfunnshus. Til venstre Einar Sogstad, og til høgre Roald Kaldestad.

Fredag kveld inntok Sigrid Moldestad scena i eit fullsett Sunnylven samfunnshus. Velkomstapplausen takka ho for med ei halvannan times konsert.

Sigrid Moldestad med opphavsrøter frå Breim var på Ljøen i 2021 under sommarstemne til Storfjordens Venner.
No var den profilerte artisten tilbake etter at Sunnylven pensjonistlag hadde hyra henne inn til laget sitt arrangement i høve FN sin eldredag.
Med seg på konsert hadde ho to dyktige musikarar i Einar Sogstad på tangentar og Roald Kaldestad på gitar og bass.

Sjølv trakterte Sigrid Moldestad fleire type feler som ho drog opp slåttar på og som det retteleg svinga av. Det var fart og tempo over mykje, men mest presenterte ho seg med si varlege songrøyst og gode tekstar, songar som roa puls og tanke frå kvardagen. Heile tida vakkert i samspel med musikarane. Dei fleste songane hadde tekst av Moldestad sjølv, men også fleire av Jan Magnus Bruheim.

Vi let oss imponere også denne gongen over den kontroll artisten har på sitt medfødte instrument. Songstemma har ein sjeldan vakker klang med eit toneleie som spenner frå det djupe til meir enn sopran. Og alltid i samklang med instrumenta.

Det vart ein konsert der også publikum var engasjert, ikkje berre i lange og kraftige klappsalvar, men også i å synge med i refrenget til ein song. Rett nok til ei enkel tekst, la,la, la….
Sigrid Moldestad med sine to musikarar vart ei stor oppleving i samfunnshuset på Hellesylt.

Astrid Langeland t.v. takka Sigrid Moldestad så mykje for konserten.

-Du har gjeve oss masse glede, sa leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland då ho takka for konserten og overrekte gåver frå arrangøren:
Til Moldestad hadde ho med eit bearbeida saueskinn med tekst «Til Sigrid frå Sunnylven pensjonistlag», og det vart Hellesylt-kaffi, buff og gåvepakning med spekemat, produsert av Ole Ringdal AS.
Også musikarane fekk seg spekemat og kaffi. Som siste etter eit par ekstra songar takka Sigrid Moldestad av med sin eigen song «Haustkveld ved havet».

Det var kjekt å vere tilbake på Hellesylt, ikkje minst å få møte ein fullsett sal i Sunnylven samfunnshus, sa ho til hellesylt.info etter konserten.
Turen etter konserten gjekk til Lensmannsstova på Lillebø der dei skulle overnatte til neste dag, og før turen gjekk tilbake til nord-Hordaland og ny konsert dagen etter.
Sigrid Moldestad kjem gjerne tilbake til nye konsertar på Hellesylt, sa ho.

Sigrid Moldestad og musikarar leverte og publikum applauderte og song med i refreng.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380