Lokalnytt

Siste heimekamp for G14 i kveld.

Frå kampen mot Vanylven på Hellesylt stadion der Sunnylven (i rødt/blått) vann 2-0.

I kveld tysdag 4. oktober er det ny G14-kamp på Hellesylt stadion. Der skal Sunnylven møte Åheim med avspark klokka 18.30.

Sunnylven sitt gutelag rykte opp frå G13 til G14 framfor haustsesongen sjølv om laget har mange spelarar som framleis ikkje er blitt 13 år. Årsak til opprykket var mellom anna at laget gjorde gode kampar og kom på andre plass på tabellen i vårsesongen.

Også i årsklassa over og mot eldre motstandarar har Sunnylven gjort det godt. Før kveldens kamp ligg laget på tredje plass etter fem kampar med 10 poeng, det same som Valder/Vigra/Ellingsøy2. Ørsta/HIL2 leiar avdelinga med 13 poeng. Kveldens motstandar Åheim har 6. plass med 5 poeng.

Dette er siste heimekamp for Sunnylven G14 for i år. I siste kamp spelar laget borte mot Ørsta/HIL2 på Aurstad arena tysdag 18. oktober. Det kan vere seriefinalen om laget sikrar alle poenga i heimekampen mot Åheim.
Møt fram og sjå kampen i kveld frå klokka 18.30

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380