Lokalnytt

Snart slutt på trimåret -22

Trimposten i Vatnedalen i Frøysadal er ein av dei 26 fjelltrimpostane til Sunnylven IL med minst besøk. Naturen ved posten er derimot ikkje mykje å utsetje over.

Laurdag 15. oktober er siste dag for registrering av poeng i fjelltrimmen til Sunnylven IL 2022. Men fortvil ikkje, nye trimskjema for neste år er å få kjøpte på Coop marked, Hellesylt.

Det nærmar seg slutten av fjelltrimmen for 2022. Laurdag 15 oktober er siste dag for registrering av poeng. Då blir georeg ullstil og digital registrering er slutt for dette året, opplyser trimgruppa i Sunnylven IL.

Alle som vil vere med i trekking av premiar må levere trimskjema i ein boks som trimgruppa har sett ut på Coop marked, Hellesylt. Der kan ein også kjøpe nye skjema for registrering av poeng neste trimsesong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380