LokalnyttLokalsport

Sterk sesongavslutning for G14.

Sunnylven G14
Sunnylven G14. Bak frå venstre: Tonje Støverstein, trenar Eivind Louis Helset, Kristen Ringdal, David Røyrhus, Ari Kjellstadli og Johannes Friestad. Framme frå venstre: Oskar Ringdal, Trym Helset, Sander Sjåstad Hole og Ingeborg Fivelstad Stadheim.

Begge lag kunne sleppe jubelen laus etter 2×30 minutt på Aurstad Arena kunstgras i Ørsta tysdag kveld. Heimelaget Ørsta/Hovdebygda 2 kunne juble for 1 plass i avdelinga og Sunnylven for eit knallsterkt bortepoeng. Kampen enda til slutt 2-2.

Sunnylven hadde kun ein reserve tilgjengeleg då både Trym og Sina var indisponerte til kamp. Kampen starta og på verst tenkeleg vis for bortelaget med baklengsmål alt i det fyrste speleminuttet då Sigurd Nupen Jensson hamra ballen ned i hjørnet. Heldigvis kvitterte David berre minuttet seinare og ein kunne sjå for seg ein målrik kamp, men dette resultatet holdt seg til pause trass i mange sjansar både til heime- og bortelaget.

Andre omgang vart også ei jamn og hard batalje. Midtvegs i omgangen gjekk Ørsta/HIL opp i 2-1 ved Sander Holsvik. Sunnylven pressa på for utlikning. Mellom anna hadde Ingeborg eit forsøk som vart redda på streken og eit frispark frå Oskar gjekk via fingertuppane til keeper og i tverrliggaren.

 

Heimelaget hadde og sine sjansar, men ein meget god keeper Tonje og eit solid forsvar redda laget frå fleire baklengsmål. 4 minutt før slutt fekk Sunnylven si fortjente utlikning på eit velplassert skot frå Ari og knappe 20 bortesupportarar kunne sleppe jubelen laus.

Sunnylven er no på tredje plass i avdelinga og kan i verste fall bli nummer 4. Dette er avhengig av resultatet av kampen mellom Åheim og Valldal søndag. God dommar var Petter Krumsvik Aamaas (Ørsta IL).

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info