Lokalnytt

Sunnylven barnehage med «haustutstilling»

På Hægstad Gård lagar born frå Sunnylven barnehage si eiga haustutstilling, ei kunstferdig samling av ting og bilder som blir å sjå frå klokka 13.00 komande laurdag.

Hægstad Gård, Hellesylt er ope komande laurdag med sal av kaffi og bakevarer, og der kan ein sjå kunstnaren Oddvin Parr sine Peer Gynt relieff.
Men også Sunnylven barnehage har sett saman mykje kunstferdig som dei stiller ut i lokala denne dagen.
Borna i Trollhola, avdelinga med dei største borna i alder 3 til 5 år har funne haustlege ting og motiv til si «haustutstilling». Også fleire bilder blir stilte ut, bilder som også var utstilt under Stranda fotoklubb si fotoutstilling tidlegare i oktober.

Sunnylven barnehage og drivarane på Hægstad Gård/ Geiranger bakeri håper at både foreldre, besteforeldre og mange andre kjem innom kafé -og kunstsenteret på Hellesylt.
I utstillingslokalet blir det laga til med teikne -og hobbybord for borna, og i kaféen blir det høve til å kjøpe seg kaffi og gode bakevarer, opplyser vertskapet på Hægstad Gård/Geiranger bakeri.
Utstillinga er opa frå klokka 13.00 laurdag 29. oktober. Om den blir å sjå fleire dagar er ikkje kjent.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380