Lokalnytt

Sunnylven sanitetslag aktiv i frivilligåret 2022

Fleire var på plass i daglegstova tidleg for å spele bingo onsdag.

Fyrste talet er tolv, en-to, sa Kari Hauso Stadheim som las opp tala under bingo-spelet på Sunnylven omsorgssenter som sanitetslaget arrangerer annakvar onsdag.

Damene i Sunnylven sanitetslag er alltid aktive, ikkje minst i Frivilligåret 2022 har dei engasjert seg. Nyleg inviterte laget på Kløvertur med servering av gratis kveldsmat etterpå, og dei stiller som leseven i dei yngste klassestega ved Sunnylven skule.

Nytt i år er bingo-arrangement på Sunnylven omsorgssenter. Tidlegare var der aktivitør som ordna opp og skipa til bingo for bebuarane, men den stillinga er borte grunna økonomi.

Hildur Vollset fekk ein-radar og ein liten mjølkesjokolade i premie.

I haust har Sunnylven sanitetslaget starta opp igjen med dette spelet, og sist onsdag var det Kari Hauso Stadheim og Ingebjørg Saarheim Fivelstad som stod for gjennomføringa.
Bingospelet foregår med ei stor plate med tal der ei brikke blir plassert på talet som blir lese opp. Belønning blir det både for ein-rader, to-rader og for fullt spel som er tre-rader.
Onsdag vart det spela to omgongar.

Ein av dei faste som har prøvd vinnarlukka i bingo er Jan Erik Øksvang. Han har lukkast godt og syneste det er fin avveksling i kvardagen og spanande. Begge gongane har han fått med seg mange av gevinstane, også sist onsdag. Det passa godt for den dagen venta han besøk av barnebarn som han skulle spandere på.

Så langt i haust har bebuarane fått spele bingo to gonger, og om to veker er det nye sjansar på å vinne nye premiar som har vore kjeks og sjokolade.

Veteran i bongospel og med vinnarlukke er Jan Erik Øksvang. Han fylte brettet og fekk både kjeks og sjokolade i premie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380