Sunnylven skyttarlag inviterer ungdom til miniatyrskyting
Sunnylven skyttarlag vil starte opp med miniatyrskyting for ungdom på bana i klubbhuset på Hellesylt stadion. Fyrste øvingskveld blir tysdag 25. oktober.
-Vi startar opp med skyting på 15-metersbana på klubbhuset tysdag 25. oktober, heiter det i ein SMS frå Sunnylven skyttarlag.
Dei ønskjer ungdomar velkomne til skyteøving. Om det er vaksne og føresette som vil prøve eiga treffsikkerheit på blink kan også det bli råd å få til, heiter det.
Skyttarlaget ønskjer at vaksne er til stades når skytinga foregår for å hjelpe til med å avvikle skytinga.
-Vi treng stort sett berre ein person kvar gong, skriv leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen. Han ber om å få tilbakemelding frå dei som kan tenkje seg å hjelpe til. Send melding eller ta kontakt med leiaren på mob. 944 35 850
Miniatyrskytinga er planlagt å starte kl. 17.30 – 18.00 og halde på ut over kvelden