Til Verdsarvbygda på ferjecruise
Siste torsdag i oktober var nær halvparten av bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter på ferjecruise til Geiranger. Det var selskapet The Fjords som inviterte og spanderte det heile.
Mannskapet om bord i cruiseferja Veøy var både hyggelege og hjelpsame i lag med fleire tilsette ved omsorgssenteret så alle kom trygt om bord ved avgang frå Hellesylt. Veøy er utstyrt med heis så også dei som kom i rullestol kom seg lett på plass i salongen på andre dekk.
Det vart som venta ein fin tur for dei av bebuarane som hadde valgt å vere med. Og svela var sjølvsagt på serveringsbrettet i lag med kaffi eller saft om nokon ville ha det.
I Geiranger vart det rusletur til sentrum for nokre, andre tok turen ut på soldekk på ferja for å sjå turistbygda.
Det vart ein flott tur for alle i fint haustver, og ein mimretur for enkelte som hadde hatt sommarjobben sin i turistbygda for år tilbake.
Nær halvparten av bebuarane var med på turen som ferjeselskapet spanderte, både på pensjonistane og på dei som var med som hjelparar.
Frå tilsette ved Sunnylven omsorgssenter fekk vi opplyst at slike ferjeturar har blitt tradisjon, for ferjeselskapet har invitert pensjonistane på gratistur årleg dei siste åra. Unnataket har vore to år med korona-pandemi.