Notiser

Viste geologi gjennom måleri og dans

Elevar frå mellomsteget og ungdomstrinnet ved Sunnylven skule i land i Geiranger

Fredag 30. september var elevar frå skular i Sunnylven, Geiranger og Eidsdal ved Norsk Fjordsenter og viste fram kunstferige måleri og ein spesiell dans. Det illustrerte korleis Jorda vart til.

Elevar frå mellomsteget og ungdomsskuletrinnet ved Sunnylven skule, Geiranger skule og Eidsdal skule var samla ved Norsk Fjordsenter siste dag i september. I år er det sytten år sidan området fekk Verdsarvstatus, noko opplegget med måleri og dans av skuleelevane var med å markere.

Tidlegare i veka hadde mellomsteget måla på stort ark ei framstilling av kva som skjedde då jorda vart til. I friske fargar vart fantasifulle strek sett på papiret og som skulle illustrere vulkanske utbrot som skapte fjell og djupe dalar. Ved Fjordsenteret heldt dei same elevane fram med å måle den same situasjonen i mindre format. Desse måleria skulle skulane få seinare.

Ungdomsskulen hadde under instruksjon av profesjonelle dansarar øvd inn ein dans som skulle vise det same. Det vart mykje fri gymnastikk, enkelte vart løfta høgt, andre rulla på bakken som steinar etter eksplosjon og lavautbrot. Med musikk til vart det ei fantasifull og fengande forestilling.

-Det dreiar seg om geologi, vi skal ikkje løyse ei gåte, men framstille prosessen som foregjekk då kloden vår vart til, sa Merete Løvoll Rønneberg som styrte informasjonen til elevar og publikum.

Skuleelevar hadde også sine tankar om korleis folk bør leve og korleis ein best kan ta vare på Jorda, noko dei gav uttrykk for med korte ytringar skrive på små ark.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380