Lokalnytt

Adventsarrangement i Sunnylven

Mange var til stades då julegrana på Hellesylt vart tent.

Mange var til stades då julegrana i Hellesylt sentrum vart tent, og som alltid til vakre juletonar frå Sunnylven skulekorps. For mange var det nok stas å gå rundar rundt det vakre grantreet.

Berre julesnøen mangla då sunnylvingar og andre tilreisande samlast på Hellesylt fyrste søndag i advent, elles var alt som det brukar på Hellesylt fyrste søndag i advent.
Då skulle årets julegran i sentrum bli tent med gang i kring og til juletonar frå Sunnylven skulekorps, leia av sin faste dirigent Trond Otto Berg.

Og det var eit flott grantre med masse lys kommunen hadde rigga opp på Ole Ringdals plass. Og presis klokka 15.15 kom lyset på og korpset stemte i med Bjelleklang, Glade jul og mange mange fleire før julemusikken tona ut med Deilig er jorden.

På Hellesylt lyser julepynten også fleire stader, både i tre og på rekkverket på Hellesylt bro, og på Svarthammaren står juletreet å lyse slik det har gjort i alle jule frå 2012.

Sunnylven skulekorps spela mange julemelodiar til glede og gong kring treet.

Før julegrantenning arrangerte skulekorpset sin faste tombola med sal av kaffi og kaker på Sunnylven samfunnshus.
Der var også ei utstilling av pepperkakehus. Mellom åtte bidrag der tre var frå Sunnylven barnehage gjekk premien til Fredrik Fivelstad Stadheim etter loddtrekking.
Til slutt på ein fin fyrste søndag i advent var det lysmesse i Sunnylven kyrkje.

Fredrik fekk vinnarpremien for sitt pepperkakehus, overrakt av Susanne M. Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380