Lokalnytt

Førjulssamling på Sunnylven omsorgssenter

På kjøkkenet på omsorgssenteret var alt klart. Frå venstre Hilde Langlo Brekke, Nina Øye Hole, Ruth Hole Aaland og Ingebjørg Saarheim Fivelstad.

Som tradisjonen har vore i minst ein mannsarder inviterte Sunnylven sanitetslag bebuarar og pårørande til adventsstund på Sunnylven omsorgssenter laurdag før fyrste søndag i advent.

På kjøkkenet i Sunnylven omsorgssenter stod fata med julebrød og anna fristande oppdisking tett. Vi såg smørbrød med egg, laks og kjøttpålegg, og minst tre store bløtkaker. Denne laurdagen inviterte Sunnylven sanitetslag til adventsstund slik tradisjonen er med servering, litt program og triveleg drøs kring småbord i daglegstova.

-I år er vi ekstra mange i førjulsgildet vårt, for alle også dei som bur heime, men får tenester frå omsorgssenteret er inviterte til adventsstunda. Og alle kan ta med seg to ekstra personar kvar, enten pårørande eller vener og kjente, fortalde leiar i sanitetslaget Hilde Langlo Brekke.
Då hellesylt.info var innom hadde ho med seg Nina Øye Hole, Ingebjørg Saarheim Fivelstad og Ruth Hole Aaland som hjelparar, men fleire hadde vore der før, mellom anna for å klargjere bløtkakene.

Og i ei julepynta daglegstove venta mange som skulle få god servering, og litt underhaldning, mellom anna song av Kristin Storstein.

Adventsstund på Sunnylven omsorgssenter er ein lang tradisjon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380