Lokalnytt

Geiranger brann -og ambulansestasjon reiser seg

Grunnarbeidet er godt i gang på Geiranger brann -og anbulansestasjon

I Geiranger er byggearbeidet med Geiranger brann -og ambulansestasjon godt i gang. Det er HT Bygg Hellesylt som er hovedentreprenør på bygget som er venta å stå ferdig neste haust.

-Vi vurderte å starte arbeidet fyrst til våren, men med det veret vi har var det greitt å starte opp no. Det seier anleggsleiar Geir Frøysa i HT Bygg på ein novemberdag utan snø i Geiranger, men godt kledd mot ein bitande austavind.

Tomta for den nye brann -og ambulansestasjonen ligg i Berget, forbi Norsk Fjordsenter mot Flydalsjuvet.
Til tomta har Busengdal bygd ny veg med bru over elva, og tomta til bygget er for det meste sprengd ut av fjell.
-Her skal Geiranger brann -og ambulansestasjon byggjast, delvis i to høgder og med golvareal på ca. 1000 kvadratmeter. Det heile vil etter planen stå ferdig til bruk neste haust, fortel Stranda kommune sin byggeleiar ved prosjektet, Inge Hole som legg til;
-Dette blir ikkje noko luksusbygg, men i ein standard som stettar Arbeidstilsynet sine krav. Desse har endra seg med åra og kan ikkje samanliknast med tidlegare bygg for brann og beredskap i kommunen.

Byggeleiarar og andre arbeidarar på tomta, godt kledde mot bitande austavind

Tysdag var han på byggemøte saman med prosjektleiar Tarjei Korsbrekke og anleggsleiar Geir Frøysa frå HT Bygg, og fleire underentreprenørar. Opshaug AS utfører arbeidet med avløpsrøyr og tilbakefylling av masse i tomta og kring ferdige murar, Sunnrør har alt med sanitæanlegg, El24 har det elektriske og Bravida, tidlegare Plato har ventilasjon.

Det er arkitekt Gitte Langlo frå ART Arkitekter og ingeniører som har teikna bygget. Etter dagens krav frå Arbeidstilsynet må brann -og ambulansestasjonar innehalde rom for reine og ureine soner der brannmannskap som kjem inn etter oppdrag må dusje og skifte klede frå topp til tå. Det får bygget saman med sanitæranlegg og opphaldsrom.

Sentrale personar ved bygginga, frå venstre Lars Tore Opshaug, Inge Hole, Bjørn Ove Olsen, Geir Frøysa, Tarjei Korsbrekke.

Geiranger brann -og ambulansestasjon blir bygd i tre og betong, får vannboren varme frå 200 meters djup og grønt tak. Bygget vil bli lite ruvande i terrenget.

Den nye vegen med bru over til Berget utløyser også nye tomter for private hus i ei bygd som har mangel på byggeklare tomtar.
Ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad fortel at langs den nye vegen er tre tomtar som stort sett er klare for utbygging, og vidare mot Fjordsenteret kan det anleggast fleire, alle rastrygge.
Når det gjeld brann -og ambulansebygget meiner han at Geiranger med den store turisttrafikken i sommarhalvåret må ha ein slik stasjon.
-Rett nok var det eit prosjekt vi vurderte å utsetje, men etter oppmoding også frå fylket valde vi å ta kostnaden. Og det har blitt eit fantastisk spleiselag der også helse kjem inn som leigetakar og med ei husleige som vil forrente ein sum på bygget på 20 mill. kroner.
No håper vi at også politiet vil ha lokale her, seier ordførar Tryggestad.

Tre som jobba med legging av avløpsrøyr, til venstre Kai-Ronni Vikane og lærling Konrad Lade. I gravemaskina John Andreas Fivelstad
Oversiktsbilde med brann -og ambulansetomta til venstre.
Geiranger 22. november 2022.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380