Lokalnytt

Generasjonstreff med Barneleikarringen i HUL

Kvikke dansarar i yngstegruppa i barneleikarringen

Tradisjonen tru inviterte barneleiarringen i Hellesylt ungdomslag til generasjonstreff nest siste laurdag i november. Mange kom og fekk ei triveleg stund med dans og servering.

Barneleikarringen i HUL jobbar godt. Laurdag viste dei både frå scene og parkettgolvet i Sunnylven samfunnshus det dei hadde lært og kan av song -og leikdans. Det var imponerande og ikkje minst moro å sjå for alle på generasjonstreffet.

I alt 25 unge dansarar frå fyrste til niande klasse er med i barneleikarringen i HUL. Leiarar og instruktørar på øvingane har vore fleire, men Wenche Høgalmen Ringdal, Rita R. Røyrhus og Lisbeth Lervik Helset har hatt dei fleste. Alle legg ned eit stort arbeid og er representantar for dugnadsånd og friviljug arbeid.
I pausen mellom to danseøkter var det sal av kaffi og kaker, det vart vist video av tidlegare danseopptredenar, og Wenche Ringdal fortalde litt om aktiviteten gjennom året, og det som dei veit skal skje til neste år.

Å øve inn leikdans med presisjon med mange unge dansarar krev både tålmod og trott, vil vi tru. Det har tydeleg vis instruktørane, og meir enn mange andre.

Fells dans med 25 dansarar på parketten i Sunnylven samfunnshus.

Og vi let oss imponere av meir enn frisk og lystig song og dans. At elevar frå fyrste klasse og elevar i ungdomsskulen dansar like mykje og gjerne med kvarandre er litt spesielt for barneleikarringar i HUL. Men slik er det i små bygder, for skal ein skape noko som mange får glede av må alle få lov å delta.
Gledeleg var det i alle høve å vere til stades på generasjonsfesten med barneleiarringen i HUL som arrangør.

Logoen på ryggen til dansarane vart laga til eit barnestemne på Hellesylt tidleg på 2000-talet av Hanne J. Ringdal.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380