Lokalnytt

God førjulsstemning på julemessa.

Etter fem timar med julemesse var det tid for å sløkkje bålpanna og pakke saman.

På laurdag før advent var Sunnylven Bygdekvinnelag tilbake på Sunnylven samfunnshus med si årlege julemesse. I nesten vårleg julever kom mange og handelen gjekk bra.

Det var mange utbydarar på årets julemesse på Hellesylt. Her var både julemat, trearbeid, foto og anna kunst, strikka produkt og mykje meir.
Også årets utstilling av pepperkakehus bygde seg opp på scena til ferdig utstilling dagen etter.

I kaféen til bygdekvinnelaget kunne alle som hadde tid nyte ein tallerken med julegraut og pynta med mange godsaker, eller kjøpe seg kaffi og kaker. Kaker og kaffi gjekk unna, og det same gjorde julegrauten sjølv om arrangøren løyvde.
-Eg trur vi bestilte meir enn tidlegare, men ingen ting skal bli kasta. Det vi løyve får andre, sa leiar Gunnhild Kvam.

Det var eit lite jubileum for julemesse på Hellesylt i år. For 15 gong vart adventstida innleia med stort handelshus og folk kom og såg, andre handla.
Heilt greitt sal, sa Eivind Louis Helset, som hadde mellom anna foto og Hellesyltkalender å by fram. Saman med tolv -femten utbydarar var Gardskjøkkenet frå Fausadalen på plass også i år med sine lakse -og ørretprodukt. Det var også Vytautas Vilys frå Lithauen, busatt på Ikornnes i Sykkylven. Birøktaren var på julemesse på Hellesylt for fyrste gong og selde honningprodukt frå eigne bikuber. Veret sist sommar var litt dårleg for biene, meinte han, men honningen gjekk unna. Han var nøgd med salet og kom gjerne tilbake.

Elevar ved Sunnylven skule hadde fleire stand der vareutbudet var svært variert.

Også fleire skuleklasser hadde stand og baud fram eit variert utval av spekemat og bakevarer. Ute selde ungdomssteget julenek der rundt 50 av i alt hundre julenek gjekk ut dei to fyrste timane. Kjekt både for elevane som samlar inn pengar til skuletur og for småfuglane i jula.

I eit nyrenovert Sunnylven samfunnshus vart det ei vellukka julemesse nok ein gong.
-Det føl ein del arbeid med eit slikt arrangement, men vi er fleire som står på og vi får hjelp frå dei vi spør så det går fint. Du veit det er frivillighetsåret i år, noko vi har heile tida her i bygda, fekk vi oss fortalt.

Mange kjøpte seg julenek av frå v. Tonje, Selma, og Kristin.
Vytautas Vilys var på julemesse på Hellesylt for fyrste gong. Her deler han ut smaksprøver på honning.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380