Godt møte og idemyldring før neste cruisesesong

Det opne folkemøtet i Hellesylt Næringslag vart godt besøkt. Tema på Sunnylven kyrkjelydshus var ærfaringar frå korleis Hellesylt og Sunnylven takla cruisebåtbesøk heile dagar i sesongen 2022.
I 2022 fekk Hellesylt fleire cruisebåtar som låg ved kai, eit ønskje bygda som har «ropa» om i fleire år vart realitet. Men korleis takla Hellesylt og området å få på besøk tusenvis av turistar på ein dag, var der tilbod og opplevingar som dei reisande fann og sette pris på?
Det var tema som rundt 30 frammøtte prata rundt på det opna møtet i Hellesylt Næringslag onsdag kveld.
Leiar i næringslaget, Stig Tryggestad og prosjektleiar i Stranda kommune, Ellen Fivelstad leia møtet. Fivelstad jobbar mykje med å legge til rette for utvikling av turisme i heile kommunen og ho stilte innleiingsvis spørsmålet; kva gjer vi for å tilrettelegge for reiseliv i heile kommunen.
Dagbesøk av cruisebåtar på Hellesylt var nytt i fjorsesongen og vil halde fram med enno fleire båtar i 2023. Til no er det meldt inn 15 båtanløp med dagopphald, men antallet kan bli både færre og fleire alt etter korleis situasjonen i verden utviklar seg, vart det sagt.
Korleis var så erfaringane frå fjoråret med eit myldrande liv av turistar i gatene og nærområdet kring Hellesylt? Dei frammøtte hadde inntrykk av at alle følte seg godt mottekne.
Svein Sporstøl ved daglegvarebutikken Joker hadde nærbesøk av fleire og spørsmål som gjekk igjen var kva dei kunne oppleve og sjå. Og sjølvsagt vart det mange spørsmål om kvar ein fann toalett.
-Vi må få laga ei brosjyre som fortel om dette og meir til om området her. Veldig mange spør også etter kart over området, sa Sporstøl.
Betre skilting, kart og brosjyre gjekk igjen i fleire innlegg, også Knut Dag Langeland hadde møtt mange turistar som gjekk tur til mellom anna Høgreiten med fantastisk utsikt over fjorden, fjella og sentrum. At han hadde sett toalettbesøk i naturen etter turistane var han mindre begeistra for.
Opplevingsselskapet Fjord Nature hadde besøk av fleire som leigde både kajakkar og syklar. Helge Kvam Karbø tykte det var bra trafikk, han var bra nøgd. Han registrerte at også fleire tok ferja frå Hellesylt til Geiranger for å få sjå fjorden. Det var bra tykte Karbø, men han hadde håpa at turistar tok same reise motsatt. Samarbeid mellom bygdene er viktig om vi skal utvikle reiselivet enno meir, sa Karbø.
Eit anna oplevingsselskap, Bonseye har køyrd ribbåt-turar på fjorden i åtte sesongar både i Geiranger og Hellesylt. No har selskapet investert i nye båtar, to nye for elektrisk drift.
Frank Bonsaksen i selskapet venta på ei avgjerd om det blir blå koridor eller ikkje inn til Sunnylvsfjorden, om cruisebåtar får lov å passere gjennom ei kort strekning av Verdsarvfjord.
-No må nokon ta avgjerda om det skal bli blå koridor eller ikkje. Hellesylt får hydrogenfabrikk, men men om det blir blå koridor eller ikkje er avgjerande om ein skal investere i ein større båt med hydrogendrift, sa Frank Bonsaksen og la til;
-Staden blir i alle fall eit knutepunkt, men storleiken på det er avgjerande kor stort ein kan investere.
På møtet kom det fram fleire små og store ting det burde takast tak i før komande sesong, rydding av rås og lys slangs Hellesyltfossen, skilting av turråser, som Åserunden, utflukter med buss mellom anna gjennom Norangsdalen til Øye og tilbake, guida turar over Ljøbrekka og fleire tilbod for born.
Også gatesal av lag og organisasjonar var nemt, femten cruisebåtanløp med 5-6000 turistar i land er femten Sommardagar på Hellesylt, vart det sagt.
Å skape eit reint og triveleg sentrum var også viktig for inntrykket, det var alle samde om. Leiar i Hellesylt Næringslag fekk oppdraget med å kontakte eigar av gamle Grand Hotel og vaskehallen etter Sunnylven Meieri for ei opprydding før neste sesong.