Hellesylt Næringslag inviterer til cruisebåtmøte
Onsdag 9. november inviterer Hellesylt Næringslag til ope møte på Sunnylven kyrkjelydshus. Tema på møtet er cruisesesongen 2023 og aktivitetstilbod til turistar på cruisebåtar under dagbesøk på Hellesylt.
Cruiselista for 2023 ligg på Stranda Hamnevesen si heimeside og viser totalt 194 båtanløp. Av desse skal 107 innom Hellesylt, og fleire blir liggande ved cruisekaia på Hellesylt heile dagar.
I 2022 var rundt ti båtar på dagsbesøk på Hellesylt, i 2023 blir det 3 – 4 gonger fleire.
Med desse utsiktene som bakteppe kallar Hellesylt Næringslag og prosjektleiar i Stranda kommune inn til ope møte på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag 9. november.
Der ønskjer ein å høyre erfaringar frå i år og planlegge for neste sesong, heiter det i innkallinga der desse tema kjem opp på møtet;
Korleis var cruisesesongen 2022?
* Kva fungerte godt
* Kva fungerte dårleg
* Kva kan vi endre på det som fungerte dårleg, og kven skal ha ansvaret?
Dei frammøtte får også høve til å kome med synspunkt på om det skal planleggast nye tilbod, og om turråse i nærområdet,som til dømes Åserunden bør skiltast betre.
Arrangøren av møtet kjem også med forslag til nye aktivitetar, til dømes Frisbee golf. Spørsmålet er om Hellesylt har terreng til å lage ei slik bane.
Også andre tiltak og aktivitetar vil bli drøfta etter det vi forstår av innkallinga, og i innkallinga blir det vist til eksempel frå andre stader, mellom anna «cruisedagar» på Nordfjordeid.
I 2022 kom rundt ti turistbåtar og ankra opp ved Hellesylt cruisekai heile dagar. Tusenvis av turistar kom i land og fann seg diverse aktivitetar som sykling, kajakkpadling, utflukter med el-bilar eller rib-båtar, eller det vart rusleturar på nære turstiar, eller i sentrumsområde med butikk og kafebesøk.
Det ligg truleg inntekter i turistbåtbesøk ved Hellesylt cruisekai, men då treng nok Hellesylt fleire tilbod, noko Hellesylt Næringslag ønskjer å drøfte på møtet.