Lokalnytt

Julelyslenker på plass på Hellesylt

På Hellesylt er julelyslenker på plass, både i trea i sentrum og på rekka på Hellesylt bro.

Lite minner om at det nærmar seg advent og jul igjen. Julesnøen manglar totalt og temperaturen var som ein fin vårdag då pensjonsløna karar hengte på plass lyslenkene i Hellesylt sentrum.

Det vart som tradisjonen har vore med lenker i trea i sentrum. Ein grei jobb då alt var merka og brukt på same stad som tidlegare år. På Hellesylt bro kom det denne gongen lyslenke på begge rekkverka mot berre på eine sida i fjor. Lenkene vart festa med strips sponsa av Coop Marked, Hellesylt, og elkraft blir betalt av Basecamp Hotel.

Også juletreet på Svarthammaren opp for Hellesylt sentrum vil lyse, fekk vi oss fortalt. Så då blir det som tidlegare år ei lysande jul på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380