Julemesse på Hellesylt laurdag.
Siste laurdag i november er det stor jule -og salsmesse på Hellesylt. På og ved Sunnylven samfunnshus kan ein sikre seg både julemat og julegåver, eller smake på julegraut, kaffi og kaker.
Det er Sunnylven Bygdekvinnelag som er arrangør av jule -og salsmessa på Hellesylt laurdag 26. november. På Sunnylven samfunnshus ønskjer arrangøren store og små velkomne til trivelege timar mellom klokka 11.00 og 16.00.
Variert vareutval
I år er der mange salsutstillarar, og der kan ein gjere gode kjøp av til dømes julenek, mat frå Gardskjøkkenet, god og tørr fyringsved, trearbeid, diktbøker, foto, kunst, bunadsskjorteposar og ull -og strikkeprodukt.
Kafé og utstilling av pepperkakehus
Under julemessa blir årets mange flotte pepperkakehus stilte ut, julegata blir tent og butikkane held ope. Kaféen opnar kl. 11.30 med sal av kaffi, kaker og julegraut.
Så velkomne alle, skriv Sunnylven Bygdekvinnelag