Lokalnytt

Knut Dag Langeland fekk frivillighetsprisen

Knut Dag Langeland vart overrekt Frivillighetsprisen av Aud Tomasgard Berstad og Øystein Lied Lunde.

Under jubileumsfesten til Stranda frivilligsentral vart Frivillighetsprisen for Stranda kommune 2022 delt ut. Den gjekk til Knut Dag Langeland frå Sunnylven.

Det var ei lang og imponerande liste i frivillig innsats leiar i styret for Stranda frivilligsentral, Øystein Lied Lunde las frå då han delte ut Frivillighetsprisen for Stranda kommune. Personen som hadde gjort seg fortent til prisen var Knut Dag Langeland frå Hellesylt.

Lunde fortalde at vinnaren hadde vore aktiv innan idrett for born og vaksne i ei årrekke, han har vore leiar i både Sunnylven IL og laget si fotballgruppe, og han hadde gått dommarkurs for å dømme fotballkampar.

I Sunnylven Idrottslag hadde Langeland engasjert seg og teke ansvar for søknadsprosessar når mange små og store utbyggingsprosjekt skulle realiserast, som då Hellesylt stadion fekk kunstgrasdekke, og då ballbingen ved Sunnylven skule kom. Han var aktiv for å få starte opp Hellesylt Treningssenter, og han la ned mykje i planlegging og bygging av skiskyttaraenaen til laget i Hyttehola.

I romjula 2011 vart Hellesylt stadion rasert av orkanen Dagmar. Knut Dag Langeland var ein av pådrivarane i oppryddinga og gjenoppbygginga av fotballstadion.

Også HUL-teatret har hatt mykje glede av Langeland sin deltaking i skodespel og når «Sjøarane» var ansvarlege for program på bygdakveldar i Sunnylven, fortalde Lunde.
Og han har i mange år vore idrettslaget sin representant i idrettsrådet i Stranda kommune, og i dag representerer Knut Dag Langeland Arbeiderpartiet i Stranda kommunestyre.

-Då er det vel ikkje så vanskeleg å gjette kven som får frivillighetsprisen for 2022. Vinnaren er Knut Dag Langeland, sa Øystein Lied Lunde, ein vinnar som fekk stor applaus frå den nær fullsette salen.

Øystein Lied Lunde hadde også med blomar til Anita Langeland, ektemake til Knut Dag.
-Det fell alltid fleire oppgåver på ein ektemake til ein person som er så aktiv. Det fortener ein blomsetbukett.

Det var ein litt rørt prisvinnar som tok i mot. -Dette hadde eg ikkje venta eller sett føre meg, men tusen takk!, sa Langeland.

Frivillighetsprisen 2022 var eit måleri av kunstnaren Norunn Mølsæter, og sponsa av Gjensidige indre Sunnmøre

Anita og Knut Dag Langeland med blomar og Frivillighetsprisen 2022

.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380