Lokalnytt

Kristine Hjellbakk Hole sesongopna på Beitostølen

Kristine Hjellbakk Hole gjekk både klassisk og fristil på Beitostølen. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven går langrenn for Lillehammer skiklubb. I åpningsrennetI opningsrennet på Beitostølen kom ho på 59. plass på 10 km. klassisk laurdag.

Rennet som vart sendt på NRK 1 var den fyrste store testen for norske og nokre utanlandske langrennsjenter. Mellom kjente namn som Heidi Veng, Ragnhild Haga, Ingvild Flugstad Østberg var også Kristine Hjellbakk Hole til start.

HKristineKristineKristine kom i mål til 59. plass med tida 32.22.6, fire og eit halvt minutt bak vinnaren Anne Kjersti Kalvå frå Lundamo i Trøndelag.
Heidi Weng gjekk inn til andre plass, og Ingvild Flugstad Østberg tok siste pallplass. 76 løparar fullførte rennet.

Søndag vart ein enno betre dag for Kristine Hjellbakk Hole. På 10 km. friteknikk gjekk ho inn til 37. plass. 3.20 min. bak Anne Kjersti Kalvå som vann også på søndag etter sekundstrid med Helene Marie Fossesholm.

Kristine Hjellbakk Hole under fristilløpet på Beitostølen søndag (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380