Lokalnytt

Laurdagskafé, ein møteplass med sanitetslaget

Å kjøpe snurrelodd er alltid spanande. Alle lodd er like, men vinnarloddet har eit tal.

Sunnylven sanitetslag inviterte på kafé sist laurdag, ope hus med sal av kaker, kaffi og stor tombolautlodding med snurrelodd.

Det var jamt tilsig til sanitetskaféen i Sunnylven samfunnshus laurdag. Dit kom unge og eldre for å slå av ein prat over ein kopp kaffi og med ei god kake til. For dei aller yngste var kanskje tombolaen med snurrelodd det mest spanande, for bordet av gevinstar var både stort og variert.

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke er alltid godt nøgd med frammøte til arrangement og ekstra glad for oppslutninga om laurdagskaféen i Fossedursalen.
-Det er godt å sjå at folk set pris på at vi lagar til møteplassar som ein laurdagskafé blir. Og så er det fole kjekt å kunne ta i bruk Sunnylven samfunnshus igjen, nyoppussa og flott på alle måtar, la ho til.

Sunnylven sanitetslag har som alle andre hatt litt redusert aktivitet dei to siste åra grunna korona-pandemi, men no normaliserer det seg igjen. Det blir ikkje fleire laurdagskaféar i år, men laget skal på omsorgssenteret og lage til adventsstund for bebuarar og andre fyrste laurdag i advent. Då blir det smak av jul i serveringa og kanskje litt underhaldning også, lovar Hilde Langlo Brekke.

Tre av damene bak det flotte tiltaket med laurdagskafe, frå venstre Ruth Hole Aaland, Hilde Langlo Brekke og Nina Øye Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380