Lokalnytt

Mange feira med Stranda Frivilligsentral

Leiing og tilsette ved Frivilligsentralen vart helsa frå Stranda kommune ved Knut Dag Langeland t.h. Frå venstre Ragnhild Stadheim, styreleiar Øystein Lied Lunde, Aud Tomasgard Berstad.

Saman med 140 frammøtte feira Stranda Frivilligsentral 30års – jubileum i Storfjord kulurhus, ei gild kveldsstund med flott program, god servering og masse drøs kring småborda.

Det var i 1992 at Stranda friviligsentral vart skipa og laurdag 12. november var det tid for 30års- jubileum på Storfjord kulturhus. Dit kom 140 unge og eldre frå heile kommunen til pynta og dekka småbord, og ein triveleg gratisfest.

Stranda frivilligsentral har to fast tilsette i 50 prosent stillingar, dagleg leiar Aud Tomasgard Berstad og Ragnhild Stadheim, og med Øystein Lied Lunde som styreleiar. Programleiar på jubileumsfesten var NRK journalist Bibbi Kjølås som intervjua dei tre om historia og aktiviteten i frivilligsentralen.
Frivilligsentralen er ikkje ein lovpålagd organisasjon, men er driven med 40 prosent kommunalt tilskot, resten statleg. Dagleg leiar Aud Tomasgard Berstad sa at ho håpa politikarane ser verdien av arbeidet som blir drive, for aktivitetane femna om både unge og eldre, som open hall, seniornett, språkkafé, barseltreff og kaf 60 pluss.
Frivilligsentralen er aktiv også under dei årlege TV-innsamlingane og under aksjonsveka mot rus som vart avslutta nyleg.
-Vi prøver å vise oss fram og samarbeide med andre friviljuge lag og organisasjonar, vart det sagt.

Steppa inn for ordførar

Både ordførar og varaordførar i Stranda var forhindra frå å vere til stades på jubileumsfesten, så det var formannskapsmedlem Knut Dag Langeland som helsa frå Stranda kommune.
Det å integrere og evne å bygge kultur er viktig i åra som kjem, meinte Langeland som håpa at Stranda frivilligsentral ville inspirere mange til friviljug arbeid, utan frivilligheit ville mykje gå i stå. Og det måtte ikkje vere slik at om ein gav ei hjelpande hand kunne ein seie at -no har eg gjort mitt så no får andre også gjere. Gleda over å få hjelpe andre er ei god løn, sa Langeland som siterte diktaren Haldis Moren Vesås; -Meir enn dei var fekk dei att.

Knut Dag Langeland hadde ikkje med pengegåve til jubilanten, og dei økonomiske utsiktene i kommunen var slik at han ikkje kunne love store middlar framover heller. Men han hadde med blomar frå alle tilsette og frå heile Stranda kommune som han overrekte til dagleg leiar.

Konstituert pleie -og omsorgssjef Oddbjørg Solhaug helsa og takka leiing og tilsette ved Stranda frivilligsentral

Rosa arbeidet til Frivilligsentralen

Overrekking av blomar og rosande ord var mykje av både til jubilanten og fleire som jobba tett opp til Stranda frivilligsentral.
Oddbjørg Solhaug, nyleg konstituert som helse -og omsorgssjef i kommunen takka leiinga i Frivilligsentralen for arbeidet som blir gjort. Spesielt stor takk til Aud og Ragnhild for at dei skaper ein møteplass for alle, sa Solhaug.
Også Aina Holmberg var stolt over å vere nær knytt opp til arbeidet som Frivilligsentralen har utført i alle 23 år ho har jobba i Stranda. Frivilligsentralen takka tilbake med gode ord og blomar til Aina.

Servering

Som seg hør og bør hadde jubilanten også god og rikhaldig servering. «Strandabordet» er blitt eit begrep i matkommuna og det var på plass under festen. Her kunne alle forsyne seg både ein og fleire gonger av det beste norsk matkultur kan by på, både frå jordbruk og havbruk. Og etterpå vart det kaffi og masipankake. Alt var gratis for publikum, sponsa av bedrifter i kommunen.

Janne Urkegjerde

Programmet:.

Jubilanten hadde sett saman eit variert program for kvelden, som vart annonsert av Bibbi KJølås. På scena kom både kjente og mindre kjente aktørar, som Janne Urkjegjærde med fela si. Eit stort musikktalent med ei stor framtid føre seg, trur vi. Ho og fleire, som Oddbjørg Solhaug frå Geiranger og Kristin Storstein frå Hellesylt vart akkopagnert på piano av Gunnar Inge Eide. Begge dei to songjentene gleda stort med sine vakre songar nær opp til eit profesjonelt nivå.

Oddbjørg Solhaug
Kristin Storstein og Janne Urkegjerde. Ved pianoet Gunnar Inge Eide.

Frå Sykkylven hadde to livfulle damer teke turen og i fri utfolding leverte dei greinaløyse på høgt plan om livet i lag med sine ektemakar og anna.

Og det vart gjenhøyr med ein sketsj frå HUL-scena og hilerdama i Knut Dag Langeland si tolking. Også det greinalaus humor på det beste.

Sketsj med morosame damer frå «andre sida av fjellet»
Ei hielerdame søkte hus på Stranda, Her blir dagleg leiar ved Frivilligsentralen spådd. Rollefiguren var Knut Dag Langeland.

Men det var unge musikarar, «oppflaska» frå Stranda kulturskule som både opna og avslutta programmet. Jørgen Støverstein , saxofon og Ksawier Kowalski  på piano runda av ein flott jubileumskveld med
Rolf Løvland sin vakre «You Reise me up».

Ksawier Kowalski og Jørgen Støverstein opna og avslutta jubileumsfesten ved vakker musikk.
Desse hjelpte med servering og oppvask etter festen i Storfjord kulturhus.
Programleiar for den gilde jubileumsfesten var NRK-journalist Bibbi Kjølås.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380