«Nye» Sunnylven samfunnshus er opna for bruk
Etter omfattande renovering var det klart for opninsfest av «nye» Sunnylven samfunnshus laurdag 19. november. Der var det attersyn på samfunnshuset si historie, programinnslag, orientering om arbeidet og dans med G-Gjengen.
-I Sunnylven samfunnshus ser ein endringar same kvar ein snur seg, sa kveldens programleiar Barbro Lade. Ho hadde sett saman eit attersyn på storstova i bygda si historie, eit byggeprosjekt som starta med planlegging tidleg på 60-talet. Samfunnshuset vart ein realitet saman med nyeskulen på Hellesylt i 1973.
Etter mykje bruk var det tid for rehabilitering, og då skulebygget skulle fornying i 1920/21 starta også foreininga som driv samfunnshuset å planlegge nødvendige utbetringar.
-Det krev ryggrad for eit frivillig lag å ta eit slikt løft, sa dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Tarjei Korsbrekke. Det lokale byggfirmaet med sine underentreprenørar har utført det meste av arbeidet, men også mykje var blitt gjort på dugnad.
Det var viktig å sjå renoveringa av samfunnshuset i samband med arbeidet på skulen då fleire ting grip inn i kvarandre, som til dømes elektrisk opplegg og ventilasjon, sa Korsbrekke som fortalde om arbeidet rom for rom. Alle har blitt fornya frå golv til tak, eksempelvis var det i Fossedursalen no nytt golv med vannboren varme, og handicaptoalett er utbetra til same gode standard som øvrige toalett. Det er som å kome inn på ein flyplass med alt i stål og automatiske armatur, sa Tarjei Korsbrekke.
Også scena i samfunnshuset er fornya, og der er kome ny el-tavle. Kanskje noko av det beste for alle at den var ny, sa Korsbrekke, og han takka for oppdraget. Det var same gjengen som hadde jobba med renovering av både skulen og samfunnshuset. Og i ros over godt utført arbeid av alle nemde han byggeleiar Geir Frøysa spesielt som han sa hadde gjort ein utruleg god jobb.
Korsbrekke avslutta med å bruke ordføraren sine ord frå ei opning av eit bygg i Sunnylven tidlegare.
-Bygdefolket i Sunnylven kunne sikkert bygd ein katedral, men problemet er å fylle den med folk.
Tarjei Korsbrekke avslutta med å oppfordre bygdefolket til innsats også på det området.
Dei mange som hadde stilt på dugnad fekk ros av Barbro Lade. Ho hadde hatt ansvar for å organisere dugnadsarbeidet og det hadde vore ein enkel jobb, sa ho.
-HT Bygg har gjort mykje, men dugnadsfolket hadde også levert. Det er ikkje tilfeldig at fleire i bygda har fått frivillighetsprisen, sa Barbro Lade og takka alle og fleire med namn, mellom anna Tor Tryggestad som hadde gjort mykje for samfunnshuset, sa ho.
Opningsfesten av «nye» Sunnylven samfunnshus baud på vakker song av Kristin Storstein med Bjarne Sjåstad på tangentar. Denne gongen fekk eit alt for fåtalling publikum høyre mellom anna Jørgen Hattemaker, og Lang desember natt.
Til slutt var det dans med musikk av G-Gjengen, eit jazzinspirert band frå Molde og Vestnes som sørga for kvikke tonar og god stemning på det nyslipa dansegolvet.