Lokalnytt

Premiefest for fire flotte fotballag

Storspelarar vann også i bingo. Frå venstre Oskar, David, Sander, Trym, Ari.

Spelarar på fire fotballag fekk diplom og pokalar då Sunnylven IL, fotballgruppa hadde årsavslutning med premiefest og bingo søndag.

Sunnylven IL Fotball stilte fire fotballag i sesongen 2022, alle i aldersbestemt klasser. Under premiefesten på Sunnylven samfunnshus fekk dei unge og kvikke spelarane både diplom, pokal og mykje rosande omtale frå trenarar og oppmenn.

Det har vore ein sesong med alt frå tap til sigrar i kampane, slik fotball er for alle lag. Men kampane på Hellesylt stadion var fulle av spaning frå fyrste spark og vart mange trivelege stundar for heimepublikum. Der var det i tillegg open kiosk på alle kampar, med vaflar, kaffi og andre kioskvarer.

Fleire trenarar og oppmenn har lagt ned mange timar for spelarane og sporten.
Mellom dei er Kim Sture Flo som har trena J 08-laget, eit lag med både jenter og gutar og som har vunne mange turneringskampar.
Som dei andre trenarane som var på scena og delte ut premiar tykte Flo det hadde vore kjekt å vere trenaren deire, og han lurte på om dei var nøgde med trenaren sin. Svaret var eit høgt og samstemt ja!

Kor mange fotballag Sunnylven IL stiller til neste år er ikkje klart. Men vi veit at fleire trenarar og oppmenn ønskjer avløysing og at det må nye på bana til neste sesong. Vi håper at ikkje det blir den vanskelegaste kampen.

Jenter og gutar på J 08 har spela turneringar og vann fleire av kampane sine. Trenar Kim Sture Flo.

G 10-laget har også hatt både gutar og jenter i spelarstallen. Sjøl om det vart nokre store tap mot større klubbar, skåra laget også mange mål og vann. Trenarar: Linn Kammen Flydal og Gunnar Sårheim Fivelstad.

J 13 spela serie og vart nr. 7 av ti lag i haustsesongen, ein flott sesong for laget som skåra 45 mål og fekk 53 mål imot. I enkelte kampar hadde laget med Oskar Ringdal, ein gutespelar som innbyttar. Trenar var Lillian Aasheim.

G14 spela i 13-årsklassa i vårsesongen og gjorde det så bra at dei vart flytta opp i G14 sjølv om dei fleste på laget berre var 12 år. I haustsesongen kom dei på fjerde plass til slutt, same poengsum som Åheim på tredje.
Då det var knapt med spelarar hadde G 14 med tre frå jentelaget, Sina Frøysa, Ingeborg Fivelstad Stadheim og Tonje Støverstein. Dei fekk spele mykje, med Tonje var burvaktar som for jentelaget.
Trenar var Eivind Louis Helset.

Hovedsponsorar for Sunnylven IL Fotball har vore Ole Ringdal AS og Sparebanken Møre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380