Lokalnytt

Sanitetslag fylte handlenett og Orkla betalte

Medlemer i Sunnylven sanitetslag fyller handlenett med mat og gåveartiklar. Frå venstre Hilde Langlo Brekke, Birgitte Rørhuus-Øie, Kari Hauso Stadheim og Ruth Hole Aaland.

Om få dagar kjem sosialetaten i Stranda med stappfulle handlenett med litt av kvart oppi. Matgiganten Orka betalte alt som fire damer i Sunnylven sanitetslag pakka på måndag.

På borda i kyrkjelydshuset låg 35 store tøynett med påtrykk -Orkla, Norske Kvinners Sanitetsforening, gledesbringerne-.

Handlenett som gleder

Betalt av matgiganten Orkla skulle alle handlenett bli fylt opp med matvarer og andre hushaldsartilar. Dette «handslaget» og hjelp til dei som treng det i Stranda kommune blir utdelt gjennom sosialetaten, fortalde Hilde Langlo Brekke, leiar i Sunnylven sanitetslag

Norske Kvinners Sanitetsforening og Orkla er med på denne dugnaden for å formidle litt glede og hjelp til dei som treng det, ein dugnad som blir kalla gledesbringerne.

Fekk som omsøkt

Det er andre året Sunnylven sanitetslag er med på denne aksjonen.
-Året 2022 har heilt sikkert vore tøft økonomisk for mange med høge prisa både på mat, straum, drivstoff og anna. Vi synest det er flott at Orkla støttar Sanitetsforeninga i arbeidet med å hjelpe der det trengs.
Alle sanitetslag i heile Norge vart oppmoda om å søkje på den store pengesummen Orkla donerte. Sunnylven sanitetslag er eitt av tre lag i Møre og Romsdal som søkte og fekk tlldelt det vi søkte på som var 20.000.- kroner, fortel Hilde Langlo Brekke.

I alt 35 store handlenett vart fylte opp, klare for utdeling ein av dei nermaste dagane.

Støttar nærbutikkar

Frå Orkla låg det med ei handleliste over kva vi skulle fylle i handlenetta, og vi som er opptekne av å støtte nærmiljøet vårt tok kontakt med Joker-familien vår på Hellesylt. Dei skaffa varene, og for oss var det berre å hente dei på lageret, fortel Hilde.
Og blir det same opplegg til neste år handlar vi på Coop, seier ho.

Varene skal ha lang holdbarheit så av det vi såg vart pakka ned var kjeks, hermetikk, syltetøy, toalettsaker, saft, sjokolade, tørrmat i posar og meir.
Alle fekk det same, men handlenetta vart fylte etter storleik på husstanden, fekk vi oss fortalt.

Håper gåva gjev glede

– i heile Norge var det 17 sanitetslag som fekk midlar, og Sunnylven, Tingvoll og Hareid var frå Møre og Romsdal.
Sanitetskvinnene fekk søknader om 1,7 mill kr., men kunne dele ut totalt 550.000,- denne gongen.

-Orkla og Sanitetskvinnene samarbeider om å skape lysglimt i ein tøff kvardag for familiar med lav inntekt. Snart er det jul igjen, ei jul der mange kan oppleve at det er utfordrande å få endane til å møtast. Gjennom samarbeidet når ein ut med mat- og hygieneartiklar til dei som treng det mest, avsluttar Hilde Langlo Brekke.

Samarbeidet mellom Orkla og Norske Kvinners Sanitetsforening blir til gledesbringerne

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380