Stranda Frivilligsentral inviterer til 30års-fest
I år er det 30 år sidan Stranda Frivilligsentral vart skipa. Laurdag 12. november blir jubileet markert med fest i Storfjord kulturhus med variert program, utdeling av årets frivillighetspris og servering frå eit rikhaldig Strandabord.
Stranda Frivilligsentral inviterer til markering av 30års-jubileum på Storfjord kulturhus laurdag 12. november og ønskjer vel møtt til gjestar frå alle bygdelag i Stranda kommune.
Aud Tomasgard Berstad er leiar av Stranda frivilligsentral i jubileumsåret.
-Vi inviterer til bygdefest for heile kommunen på laurdag, til lått og løye som det heiter. Her skal det bli god underhaldning med innslag frå alle bygdelaga og vi inviterer til eit bugnande Strandabord med mat av alle slag som vi har fått spandert av matbedrifter og næringslivet elles i kommunen.
Husk å tinge billett
Ho fortel at dei dekkar på til 200 og håper at salen i Storfjord kulturhus blir fullsett.
Alt er gratis denne kvelden, men ho minner på at alle som ønskjer å kome på festen må sikre seg plass ved å kontakte kulturhuset på lenka under:
https://www.storkultur.no/stranda-frivilligsentral-feirar…/
Dørene på jubileumskvelden laurdag 12. november opnar klokka 18.30 og programmet startar klokka 19.00.
Sponsa av matkommuna
Bibbi Kjølås, NRK-journalist med slektsband til Stranda, skal leie festen og eit program som har varierte innslag med song, sketsjar, talar, intervju, og utdeling av frivillighetsprisen for 2022. Meir vil ikkje Aud Tomasgard Berstad røbe, men reklamerer gjerne for serveringa og minner om at matkommuna Stranda alltid har mykje godt å by på, og det får alle som kjem på festen forsyne seg av heilt gratis.
Stranda Frivilligsentral vart skipa i 1992 med Svanhild Åsen som den fyrste daglege leiaren. Seinare har fleire leiarar gjort teneste, mellom anna Vebjørn Skog frå 2003 til 2008 då Aud Tomasgard Berstad vart dagleg leiar av Stranda Frivilligsentral.
Mange arbeidsfelt
På spørsmål fortel ho om ein aktiv organisasjon som no rundar 30 år. Aktiviteten har vore stor og god gjennom slagordet «møte mellom menneske», frå babyalder til godt vaksne.
Aud ramsar fort opp strikkekafe, seniornett, kafe 60 pluss, barseltreff, språkkafe, og open hall som er planlagt komande fredag alt. Og gjeremåla er fleire, som aksjonsveka mot rus som vart avslutta nyleg, og TV-innsamlinga i kommunen som Frivilligsentralen var aktivt med i gjennomføring av. I år var denne vellukka med mange bøsseberarar, fortel Aud Tomasgard Berstad.
Har prøvd å vere brubyggjar
Ho gjev uttrykk for at det har vore både gjevane, spanande, men til tider også litt hektisk å vere dagleg leiar i Stranda Frivilligsentral.
-Vi har prøvd å vere ein brubyggjar mellom menneske, friviljuge organisasjonar og det offentlege, Eg synest vi har gjort mykje viktig og godt arbeid, men eg skulle gjerne hatt meir tid til å besøkje alle bygdelaga i kommunen oftare.
No er vi to her i halve stillingar, vi diskutere og løyser saker og det er veldig kjekt. Og til sommaren skal Ragnhild få ta over som leiar for Frivilligsentralen, då blir eg 65 og har hatt jobben i 15 år så då er det slutt. Det er ei tid for alt, seier Aud Tomasgard Berstad