Sunnmøre Live med nye opptak i serien «Gardane langs Storfjorden».

Garden Blomberg i Geirangerfjorden, ein stad å vere stolt av. (Foto frå arkivet)

Storfjordens Venner har i samarbeid med Sunnmøre Live fått produsert ein ny serie (sesong 3) opptak av den populære serien «Gardane langs Storfjorden».

Vi har erfart at videoane har skapt stor interesse blant publikum og at mange ønskjer å oppsøkje gardane etter at dei har sett opptaka. Indirekte fremjar dette tiltaket friluftslivet meir enn mykje anna, skriv leiar i Storfjordens Venner Inge Bjørdal i ei melding til hellesylt.info, og legg til;

-Det at dei får med seg store natur- og gode kulturopplevingar SAMSTUNDES med at dei utøvar friluftsliv gjer at svært mange får lyst til å ta desse stadane i augesyn. I tillegg til å vise korleis ein kjem seg til desse stadane, gir programma sjåarane informasjon om korleis folka på desse gardane levde, noko som fører til at dei som legg turen til stadane vi omtalar, oppnår noko langt meir enn ei uforgløymeleg naturoppleving i ein dramatisk og spektakulær natur.

Sunnmøre Live opplyser at opptaka er svært etterspurde av lokale TV-stasjonar frå alle delar av landet.

Alternativ 1:
Du kan gå inn å sjå tidlegare og nye opptaka når som helst på denne lenka:
https://slive.no/category/program/serier/storfjordens-venner

Alternativ 2:
Du kan gå inn å sjå tidlegare og nye opptaka når som helst på heimesida til Sunnmøre Live: slive.no, og gå til fana Program   /  Serier /  Gardane langs Storfjorden

-Storfjordens Venner takkar alle som har sponsa oss med midlar slik at dette viktige dokumentasjonsarbeidet kan gjennomførast, skriv Inge Bjørdal til slutt.

Fyrste sending i serien startar torsdag 24. november.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380