«Sunnmørsprosjektet», mjølkeproduksjon på Sunnmøre

«Sunnmørsprosjektet» hadde oppstartmøte i Storfjord kulturhus, Stranda 1. november med formål å styrke mjølkeprodusenten i landsdelen.
For hellesylt.info: Inge Bjørdal
TINE inviterte tysdag 1. november mjølkebønde til møte i Storfjord kulturhus under arbeidstittel mjølkeprosjekt for Sunnmøre. Det var godt frammøte av mjølkeprodusenter frå tre kommunar, Sykkylven, Fjord og Stranda.
Hensikta med møtet var informasjon med mål om å styrke mjølkeproduksjonen i området. I forbindelse med prosjektet får alle produsentar tilbod om eit strategibesøk for å starte prosessen med å ta aktive val for framtida. Prosjektet er eit samarbeid mellom TINE Rådgiving, produsentlaga og kommunane, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og TINE.
Sakliste for oppstartmøtet var:
Velkommen
*«Landbruket i området i eit berekraftperspektiv» ved ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad
*«Vi treng flest mogeleg mjølkeprodusentar med vidare!» ved assisterande landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger, Statsforvaltaren
*«Erfaringar frå ein bonde» ved Anders Hjellbakk o 46 år gammal, bygde nytt fjøs for mjølkeku med fullt påsett i 2019, i Hornindal.
* «Status og vidare plan for prosjektet» ved prosjektleiar Marte Alnes
Til slutt spørsmål/diskusjon
Bjørn Tore Reistad, distriktssjef TINE Rådgiving leia dette fyrste oppstartsmøtet der det var godt frammøte frå tre kommunar i Storfjordområdet
Sjå lenke og innlegget til ordførar Jan Ove Tryggestad under møtet, eit innlegg i samarbeid med næringssjef Bjørdal:
//www.stranda.kommune.no/this-is-stranda/