Lokalnytt

Sunnylven samfunnshus i bruk igjen

Eivind Louis Helset er leiar i styret for Sunnylven samfunnshus. Her i den nyoppussa Fossedursalen.

Sunnylven samfunnshus er klar til bruk etter omfattande renovering det siste året. Laurdag 19. november blir det stor opningsfest i «storstova» på Hellesylt.

Sunnylven samfunnshus har blitt lyst og triveleg etter omfattande renovering det siste året. Mykje av bygget og material er fornya, golvet i Fossedursalen er nytt med vannboren varme, veggar er måla, himlingen og ventilasjon i storsalen er fornya, i tillegg til fleire andre detajar.
Også kjøkkenet har fått si oppgradering, med mellom anna nytt golvbelegg, fortel leiar i styret for Sunnylven samfunnshus, Eivind Louis Helset. Styret består elles av Inghild Storstein, Barbro Lade, Olav Andreas Sætreås og Egil Røyrhus.

I stil med skulen

-Det er eit stort og omfattande arbeid som er utført i bygda sitt forsamlingslokale, og som delvis blir nytta av skulen. Romma til samfunnshuset går fint i hop med fargevala i skulen då arkitekten har sett begge i ein samanhang.
På samfunnshuset har det ikkje blitt gjort større vedlikehald sidan det vart reist midt på 70-talet, men no er det i topp stand. Vi i styret er i alle fall svært godt nøgde med resultatet, og tilbakemeldingar frå andre er også positive.

Stor investering

Det seier Eivind Louis Helset som fortel at kostnadsoverslaget for heile renoveringa er på 4.0 mill kroner. Samfunnshuset har kostnaden med bygget og Hellesylt Ungdomslag alt med lyd, lys og scene. I tillegg har kommunen kosta ny og tett takkonstruksjon og kledning på fasaden.

Sunnylven samfunnshus og Hellesylt Ungdomslag har fått tilskot og gåver til renoveringa. Det har også blitt lagt ned ein stor dugnadsinnsats i tillegg til bruk av eigne middlar. Noko står framleis att, mellom anna nytt sceneteppe, fortel styreleiaren.

«Storstova» i bruk

Laurdag 19. november er det stor opningsfest i «storstova» på Hellesylt, og dei ansvarlege håper mange sluttar opp om arrangementet.
Programmet er ikkje heilt klart enno, men det blir tilbakeblikk på det som er gjort,  helsingstaler, musikk og andre innslag frå scena, og det blir sal av diverse frå kiosken. Til slutt blir det dans, stadfestar Eivind.

Han fortel at huset er leigd ut til mange aktivitetar ut november månad, og Bygdekinoen er tilbake.
Alle som ønskjer å leige, heile huset eller berre Fossedursalen kan henvende seg til Barbro Lade, mob. 928 96 278.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380