Lokalnytt

Trimtreff under ein stjernehimmel.

I mørkret såg vi fleire unge frå fotballaga til Sunnylven IL Fotball

Ein skyfri og stjerneklar himmel fekk mørketrimmarane oppleve då dei la ut på tur til trimtreff ved Nestevatnet torsdag kveld. Mange av dei 44 frammøtte fekk med ein liten premie heim.

I eit par minusgrader og på ein klar kveldshimmel kunne ein sjå dei mange kjente stjernebilda, men enno meir lyste det frå haudelykter etter vegen frå parkeringsplassen ved Vollset og mot trimmålet, posten ved Nedstevatnet.
Det vart ein utruleg fin kveldstur for dei 44 unge og eldre som la i veg etter tørr og fin veg og i behageleg temperatur.

Også ved trimmålet var det stemningsfullt med bål og lysande lykter over alt. Fleire forlenga kveldsturen langs Nedstevatnet mot sætra.

Ved trimposten fekk alle utdelt eit lodd med nummer som ein etter tekking kunne vinne ein liten premie på. Mange vann, for trimgruppa hadde mange premiar til utdeling på det fyrste trimtreffet i mørkre på lenge.
Slike kveldar ønskjer fleire seg av, med like fint ver!!

Kristin Storstein t.v. og Karolin Parthe representerte trimgruppa under treffet ved Nedstevatnet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380