Lokalnytt

Triveleg på badestranda også i november

Under teltet forgår det ansiktsmåling, og i bakgrunnen blir pølsene grilla.

Laurdag vart ein triveleg dag for alle på badestranda på Hellesylt. Der hadde Fjellrosa 4H aktivitetsdag.

På land på badestranda vart det folksamt laurdag, men nokre fann også gleda på Sunnylvsfjorden, i kajakk eller på Ribbåt-tur.
Aktivitetane var i alle fall mange og varierte kunne klubbrådgjevar i 4H-klubben, Silje Stadheim fortelje.
Saman med B-rådgjevar Per Olav Frøysa Hånes rettleia dei både 4H-medlemer og andre og inviterte på aktivitetar. Arrangementet var ope for dei som hadde lyst å kome.

Når vi spør kva aktivitetar som foregår listar ho opp kajakkpadling i området kring badehuset, grilling på bålpanna, skyting på blink med pil og boge, ansiktsmåling, Ribturar på fjorden og meir.

Her har Gabrielle fått fine fargar på seg. «Målarmeister» er Sina Frøysa

Slike aktivitetsdagar har Fjellrosa 4H hatt også tidlegare. Denne laurdagen var 17 medlemer med, i lag med fleire andre som enno ikkje er blitt medlemer. Det håper Silje dei blir etter kvart.
-Vi har plass til fleire enn dei vel tjuge som er i klubben no, og eg håper at også foreldre stiller på om det trengs.

Å køyre Rib-båt var populært. Det vart fire turar på Sunnylvsfjorden, den siste med leiarar og andre vaksne.

Å køyre Ribbåt var populært. For fleire var det fyrste tur med slik farkost, men med flytedrakt og redningsvestar vart det fire trygge turar ut Sunnylvsfjorden med Bente Bonsaksen bak ror og spakar.
Dei eldre fekk det også som historietime, for ved Ljøen fortalte Bente om busetning i eldre tid og om folk som vaks opp der og bygde opp industri som Liåen skipsverft i Ålesund.
Aktivitetsdagen med Fjellrosa 4H var i si heilheit sponsa av Gjensidigestiftelsen, og varte i tre timar.

Også kajakkpadling i nærheita og rundt badehuset var kjekt.

Årsmøte i Fjellrosa 4H.

Klubben har halde årsmøte med val.
Linus Frøysa held fram som leiar, Ingeborg Fivelstad Stadheim er nestleiar, Sune Frøysa kasserar, Ida Susann Tronstad skrivar, Sina Frøysa og Ronja Mari Tronstad styremedlemer.
Klubbrådgjevar A; Silje Stadheim
Klubbrådgjevar B; Per Olav Frøysa Hånes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380