Unge rekrutterer leikarringen i HUL
Barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag er i full trening framfor nye framvisingar. Frå august har dei dansa annakvar onsdag og no er dei klare til Generasjonsfest på Sunnylven samfunnshus.
Det er Wenche Ringdal som er leiar i styret for barneleikarringen i Hellesylt UL. Med seg i styret har ho Rita R. Røyrhus, Lisbeth Lervik Helset og Monica Hagen. Desse er også med å hjelper under danseøvingane, og som ekstra instruktørar har Lone Ringdal og Marianne Fivelstad vore med, fortalde Wenche Ringdal.
I storsalen på Sunnylven samfunnshus hadde dei øving onsdag denne veka der 15 flotte unge dansarar, mange frå 1. klassesteget ved skulen deltok i lag med 10 andre frå høgare klassesteg.
No øvde dei spesielt til opptreden på Generasjonsfesten som leikarringen inviterer til på laurdag 19. november. Der blir det servering av kaffi og kaker og masse underhaldning, mellom anna i to bolkar med dans.
hellesylt.info fekk ein titt inn i øvingslokalet, og vi trur alle som kjem på Generasjonsfest har noko å glede seg til. Det var stort engasjement og fart over dansinga, spesielt «Bestefar i lia» lika vi godt.
Etter Generasjonsfesten er det juleferie for barneleikarring og instruktørar, men etter nyttår startar øvingane opp igjen fram til 17. mai. Og meir dansing ventar neste år, mellom anna er det kome invitasjon til ein opptreden på Norsk Fjordsenter ut på sommaren, kunne Wenche Ringdal fortelje.