Lokalnytt

Uvanleg tid for våronn

Bøndene bak fordyrkarlaget i Holedalen har køyrd ut 40 tonn kalk på feltet i november. (Foto: Peder Hellebostad)

Bøndene på Hole og Bjørdal har starta våronn på fordyrkarfeltet i Holedalen i Sunnylven i midten av november. Ei uvanleg årstid for jordbearbeiding, i alle fall høgt oppe i ein sætredal.

-Vi har ikkje blitt heilt galne, det er berre veret som er litt uvanleg, seier bonde Peder Hellebostad når han fortel at dei har starta våronna i Holedalen i november. I sætreområdet på 600 meter over havet er ingen snø enno, nesten finare no enn i sommar. På fordyrkarfeltet har det blitt køyrd ut 40 tonn med kalk på eit areal som vart fresa opp for fornying i sommar. Men så kom dårleg ver og resten av arbeidet vart utsett, mellom anna kalking. No er det gjort og til våren skal grasfrøet såast, fortel Peder Hellebostad.

I 1983 vart fyrste avling hausta på fordyrkarfeltet..
(foto frå arkivet)

Ønska meir grovfor

Det var i 1981 at fem brukarar på Hole, Parr og Bjørdal gjekk saman og danna Holedalen fordyrkarlag. Heimebøane var oppdyrka til siste kvadratmeter, og ønskje om noko større grovforgrunnlag var medverkande årsak at dei starta nydyrking i Holedalen.

I 1983 kunne dei fem hauste fyrste avlinga av eit vel 60 dekar stort areal. Og sjølv etter ein kjøleg og våtsam sommar vart det hausta gode avlingar på feltet, står å lese frå ein reportasje i avisa Fylket. Arbeidet med dyrkinga heldt fram og etter kvart vart dyrkingsfeltet på 200 dekar i Holedalen.

Store hjorteplaget

No er tida inne for fornying med gjødsling, kalking og såing av eit 50 dekar stort areal, fortel Peder Hellebostad. 17. november vart det køyrd ut 40 tonn kalk, resten av arbeidet blir gjort neste sommar. Han er spent på korleis det går når hjorten i Holedalen oppdagar nye, friske grasskudd på feltet. Plagene og øydelegging kan bli stor, har dei erfart tidlegare.
-Vi sådde eit lite felt for nokre år sidan og der vart det mykje hjortebesøk. Eg køyrde i Holedalen nesten kvar kveld og då kunne eg telje opp til 70 hjort som beita på det vesle området. Det vart heilt øydelaget.

Andre frøblandingar

-Det er mykje hjort i Holedalen, kanskje litt mindre enn tidlegare, men korleis vi skal berge det nye feltet vi skal så til er vi usikre på. Å gjærde det inne blir vanskeleg så vi prøver andre frøblandingar og gras som det blir sagt at hjorten ikkje likar så godt. Så då får vi sjå, det blir nesen som eit prøveprosjekt, seier Peder Hellebostad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380