Vakkert minnesamvær i Sunnylven kyrkje

I alt 15 personar har gått bort og blitt gravlagde i Sunnylven det siste året. Søndag på Alle helgens dag kom mange til Sunnylven kyrkje for å minnast sine kjære.
Det vart ein lang og vakker kveldstime i Sunnylven kyrkje søndag. På Alle helgens søndag kom mange til kyrkja for å minnast kjente og kjære som hadde gått bort det siste året. Mange kom til kyrkja med sakn etter kjære, men kunne gå heim med gode opplevingar etter ei vakker minnestund i ei lystent kyrkje. Her fekk alle fekk høve til å tenne eit lys denne kvelden som vart ein fylt lysglobe og meir til.
Men samlinga baud også på mykje meir. Det var salmesong og sokneprest Ann Kristin Langeland hadde som alltid gode ord å bere fram både i skriftlesing og bøn.
Og frå koret og framfor den store forsamlinga vart det samtale mellom prest og Eirin Syversen og Randi Sæter, to som hadde opplevd å miste av sine nære og kjære. Det vart ein samtale om sorg og sakn og korleis ein kunne leve med det.
Ikkje minst hadde minnesamværet i kyrkja også mykje vakker song og musikk. Til stades var Øyvind Robak, Volda på fiolin, og Gunnar Inge Eide som trakterte både kyrkjeorgelet og piano. Og saman med Kristin Storstein sin song vart det ei song og musikkoppleving vi trur alle vil huske lenge.
Og ute lyste fullmånen på ein vakker novemberkveld.