Lokalnytt

Diplom og gåvesjekk for tretti år ved AS Formac.

Knut Arne Leite vart heidra med diplom og gåvesjekk etter tretti år ved AS Formvac på Hellesylt.

I tretti år har Knut Arne Leite jobba ved AS Formvac på Hellesylt. Under bedrifta si julebordsamling tidleg i desember vart han heidra med diplom og ein gåvesjekk frå sin arbeidsgjevar.

Knut Arne Leite er oppvaksen på Tryggestad i Sunnylven. Etter endt militærteneste starte han sitt yrkesliv ved ei bedrift på Stranda, men pendling etter ein dårleg og rasutsett veg den gongen gjorde at han fann arbeid i heimbygda.
Han vart målar saman med Rolf Matvik, fortel han, også ei tid med morosame opplevingar ute hos kundane. Knut Arne skildre situasjonar der folk diskuterte fargeval frå eit fargekart og kom med greinalause forslag, skildringa som han fargelegg verbalt og fortel oss at vi pratar med ein person som har trakka på HUL-scena under grendakveldar i Sunnylven.

Og så, 9. mars 1992 kom han til AS Formvac på Hellesylt som vart den neste jobben for Knut Arne Leite. Der har han jobba i tretti år så langt, ein innsats som arbeidsgjevar gjorde stas på med diplom og eit raust gåvekort under bedrifta si julebordsamling.

-I tretti år har han vore ein dyktig og trufast tilsett, seier disponent Kjell Sindre Opsvik og rosar både Leite og dei andre tilsette for at bedrifta har hatt ein omsetningsauke på rundt 30 prosent det siste året.
-God tilgang i marknaden er sjølvsagt viktig, men den kjem gjennom pålitelege og dyktige tilsette som leverer kvalitet, seier han og legg til;.
-Leite er den andre av tilsette som blir heidra med diplom etter tretti år, men vi har hatt ein stabil arbeidsstokk så snart blir det fleire. Saman med Marit Sæten Opsvik delte han ut heidersdiplomet med gåvesjekk.
Sjølv er Leite godt nøgd og glad i arbeidsplassen sin der han er innom fleire arbeidsprosessar i fabrikken som produserer vacuumforma plastkomponentar.

Diplomet får nok sin heidersplass på veggen heime på Tryggestad, men kva gåvesjekken går til er vel meir usikkert. Kanskje blir det billett og tur til ein kamp med favorittlaget Liverpool for Leite som i yngre år spela fleire fotballkampar for Sunnylven sitt A-lag.

Kjell Sindre Opsvik t.v. og Marit Sæten Opsvik overrekte Knut Arne Leite heidersbevis og gode ord for lag og tru teneste for AS Formvac.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380