Lokalnytt

Gåve til Sunnylven skule frå elevane

Johannes Friestad vart interjuva av NRK under opning av den nyrenoverte Sunnylven skule tysdag før jul. (foto: hellesylt.info)

Under juleavslutninga ved Sunnylven skule overrakte elevrådsleiar Johannes Friestad ei pengegåve til skulen frå elevrådet. Pengane skal gå til diverse utstyr.

Det vart overrekt mange gåver til FAU ved Sunnylven skule under juleavslutninga. I alt 210.000.- kroner kom det frå bank og næringsliv på Hellesylt, pengar som skulle gå til innkjøp av klatrepyramida ved skulen.

Ei pengegåve på 10.000.- kroner vart overrekt frå elevrådet av leiaren Johanne Friestad, og var øyremerka til ting ved skulen, -til utstyr alle elevane skulle ha glede av, sa han.
Til hellesylt.info seier Johannes at elevane trur det trengs meir utstyr både på skulekjøkkenet, på sløyden og naturfagrommet. Det ønskjer elevane at pengane skal gå til.

Pengane har elevane samla inn gjennom skulekantine og sal av mat som vaflar, bollar og meir. No var det blitt eit betydeleg beløp på konto, så då var det eit naturleg høve under juleavslutninga og opning av den nyrenoverte skulen til å overrekke gåva, seier han.

Vi spør elevrådsleiaren om elevane er nøgde med skulebygget etter renoveringa:
Johannes bekreftar at dei synest det har blitt eit flott skulebygg. Alt er nytt og ljost, og der er kome nye rom for læring. Der er i tillegg til det som var før kome eigne rom for naturfag, maskinfag, og fleire nye grupperom for elevane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380