Badevatn på ti pluss
Det steig frå tosifra minusgrader dagen før til rundt null i lufta då Hellesylt Ungdomslag inviterte til Solsnubading på badestranda på Hellesylt søndag. I sjøen vart det målt til ti raude.
Mange brukar badestranda på Hellesylt heile året, uansett ver og temperatur. Også søndag var det mange som hoppa i sjøen til ein svært så forfriskande dukkert, for badevatnet i Sunnylvsfjorden vart målt til berre ti pluss denne dagen.
Om det var kalt for badarane veit vi ikkje, men det var ein lite påkledd gjeng, dei aller fleste damer som inmponerte fleire bivånarar på land. Symjeturen gjorde dei kring badehuset frå ei trapp til neste med nisseluer på.
Sjølv om den verkelege julenissen som i følge eventyret truleg bur på Nordpolen og såleis må vere ein kaldblodig nisse så tvilar vi på om han hadde delteke under Solsnubading på Hellesylt søndag. Der låg snøen heilt ned til badevatnet.
På land fekk alle som ville varm gløgg med rosiner og pepperkake av Marianne Fivelstad, leiar i arrangør Hellesylt Ungdomslag
Vi talde i alt femten badarar, men det kom minst to til litt seinare så om rekorden frå i fjor på 19 deltakarar vart slått veit vi ikkje.
Men ein ting trur vi at både Solsnubadarane og fleire andre gledar vi oss til Vintersolverv, eller som det ofte blir sagt at «sola snur». I Norge skjer det i år onsdag 21. desember klokka 22.48.