Lokalnytt

God underhaldning og store gåver på juleavslutning

Sunnylven skulekorps spela juletonar under leiing av Evgenii Zhukov.

På den nest siste skuledagen før jul var det Juleavslutning ved Sunnylven skule. Mange kom for å høyre og sjå elevane underhalde frå scena med både song, dans og musikk.

Aller fyrst på scena var elevar frå småskulen, engasjert og med kvar sine rytmeinstrument brukt til å halde takt og tone i lag med musikk. Dei hadde også leita fram ein Wiener-vals der det svinga lett og ledig til musikken. Flotte innslag som opna trivlege timar i storsalen ved skulen.

Og det vart melodiøst og julestemning då Sunnylven skulekorps kom på scena under dirigent og kulturskulerektor Evgenii Zhukov. Som alltid klang det vakkert og stemingsfullt frå korpset som framførte to melodiar, Glade Jul, og Deilig er jorden.

Småskulen hadde innslag med mellom anna rytmeinstrument

Programvertar under juleavslutninga var elevar, fyrst frå småskulen, så kom to frå mellomsteget og til sist frå ungdomsskulen. I tillegg til å annonsere neste innslag på scena fortalde dei frå Sunnylven skule si utvikling frå 1973 og opp gjennom åra. Det var fleire ting som hadde kome til, som skulefritidsordning (SFO), utbedring av uteområdet, og rundt 2000 kom leksefri skule som no blir kalla utvida skule. Her får elevane jobbe med lekser på skulen og får hjelp av lærarar om det trengs.

Programmet frå scena heldt fram med elevar og med innslag av både song og musikk, før det vart fleire helsingstaler og gåveoverrekkingar. Festen på skulen denne dagen var også opningsfest i høve at Sunnylven skule vart renovert i 2020/2021. Det var helsingar både frå entreprenør, arkitekt, og kommuneleiing. Hellesylt.info har omtale frå dette annan stad.

Store sjekkar til FAU og klatrepyramide frå venstre Tarjeik Korsbrekke, Stig Tryggestad og Ole Arnstein Ringdal. Rektor Liv Norunn Langeland tok i mot.

Store gåver til skulen og FAU

Skulen fekk seg overrekt fleire gåver under avslutningsfesten. Frå ART Arkitekter og ingeniører som har teikna den nyrenoverte skulen er gåva namneskiltet Sunnylven skule på utsida, oppmonterte gratis av entreprenør for restaureringa HT Bygg Hellesylt.
Dagleg leiar Tarjei Korsbrekke frå HT Bygg kom på scena med ein sjekk på 35.000.- kroner til FAU og klatrepyramida som skal opp på uteområdet.
Også Stig Tryggestad representerte Sparebanken Møre og overrakte ein sjekk på 125.000.- , og Ole Arnstein Ringdal frå Ole Ringdal AS hadde med 50.000.- til same formål.
Slike julegåver vekte stor applaus både mellom elevar og foreldre i salen.

«Klypa hadde eit innslag om åspare på toalettpapir i knappe økonomiske tider. Frå venstre Liv Norunn Langeland , Magnar Tufte Tyssen og Klypa (Tomas Ryste).r

Fleire hattar

Dagleg leiar Ola Arnstein Ringdal hadde fleire «hattar» denne kvelden. Frå scena lova han at om det var behov for mindre ting til uteområdet var det berre å ta kontakt. Og han hadde ordna gratis pølse så langt det rakk under juleavslutninga
Ein mykje opptatt dagleg leiar for Hellesylt sin største arbeidsplass tok mot nye tingingar av pinnekjøtt på scena, heile fem tonn snakka han om i telefonen.
Der «tøysa» han nok litt, og det gjorde også Klypa, moromannen frå flyplassbygda i Ørsta som heilt uventa for dei fleste dukka opp i salen. Eit populært besøk der det vart mykje greinalaust å høyre til latter og jubel i benkeradene.

I skulegangen fann vi også dette «kunstverket» laga av elevane sjølve.

Skulefri til 3. januar

Juleavslutninga ved Sunnylven skule vart ei gla`stund for alle. Mellom flinke elevar i ein ny og flott skule vart samlinga avslutta med pølse og brød, kaffi, kaker og saft.
Etter over to timar og ein time etter tidsskjemaet, men langt frå kjedelege var juleavslutninga 2022 over. Rektor Liv Norunn Langeland takka og ønska alle God Jul og velkomne tilbake på skulen tysdag 3. januar.

Etter renoveringa har Sunnylven skule fått eige naturfagrom, noko dei tidlegare hadde litt ufullstendig saman med kunst -og handtverk.
Her lærar Egil Dolmen saman med elevane Kristin Langeland og Tonje Støverstein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380