Lokalnytt

Godt frammøte til den beste julekonserten.

Gunnar Friestad til venstre overrekte blomar med gode ord til leiarar bak den flotte julekonserten i Sunnylven kyrkje.

Søndag 18. desember ringde kyrkjeklokka til ein ny julekonsert i Sunnylven kyrkje, ein time med song og musikk av lokale aktørar. Det vart ein mektig og vakker julekonsert, kanskje ein av dei beste nokon gong i den snart 170 år gamle kyrkja.

På ein vakker vinterkveld med snø og julekortstemning ute ved Sunnylven kyrkje søndag steig julestemninga fleire hakk inne i kyrkja etter kvart der dyktige lokale aktørar formidla det beste av song og musikk knytt til den store høgtida.
Her stod unge og eldre fram i korps, kor, band og som solistar, alle nesten som profesjonelle aktørar, det var nesten som det heile var ein dagleg jobb. Men dei var alle amatørar frå heimbygda Sunnylven.

Dei årlege julekonsertane kjem ikkje til utan mykje øving og gode leiarar og instruktørar. Mnge har lagt ned eit stort arbeid, og alle fekk si velfortente påskjønning frå Sunnylven sokneråd der Gunnar Friestad som overrekte blomar til Gunnar Inge Eide, Trond Otto Berg, Synnøve Hjellbakk Hole, Erik Torset, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Han hadde også ei blomst til presten i Sunnylven Ann Kristin Langeland som har fleire preiker gjennom jule -og nyttårshelga.
Gunnar Friestad takka alle så mykje for arbeidet dei hadde lagt ned og for ein flott julekonsert.

Sunnylven skulekorps

Det var Sunnylven skulekonsert under dirigent Trond Otto Berg som opna det heile.
-For meg er julekonserten på Hellesylt det største i førjulstida. Her stiller heile bygda på for å skape julestemning, sa Berg mellom anna,

Av eit litt forsterka korps fekk dei mange frammøtte høyre unge musikarane spele frå noteark i Joy to the world, Hark the Herald Angels Sing, Glade jul, Sonjas sang til julestjernen, og Slight Ride, ein melodi det svinga av og gjenklang i dei gamle tømmerveggane.

Også kyrkjelyden fekk sitt oppdrag på julekonserten. Organist Gunnar Inge Eide oppfordra alle til å synge med i allsong Tenn lys, og forsamlinga tok oppmodinga.

Synnøve Hjellbakk Hole t.v. og Tonje Støverstein. Ved orgelet Gunnar Inge Eide

I Stranda kulturskule blir det jobba godt som alle fekk høyre, fyrste av Tonje Støverstein på fele som saman med sin læremeister Synnøve Hjellbakk Hole framførte to melodiar, Et lite barn så lystelig, og Himlen i min famn.

På orgelet i Sunnylven kyrkje formidla Gunnar Inge Eide vakre tonar under julekonserten, denne kvelden i eit musikkverk kalla Juleklokker.

Bandet frå kulturskulen

Så kom ei større gruppe kulturskuleelevar, leiar av lærar Erik Torset. Christine, Oskar, Adrian, Ari, Dean, Elias, Fredrik, Kai-Adam, Kristen og Tonje var alle med i eit band som spela fleire instrument, og som fekk velfortent applaus. Her var Kristen og Tonje solistar i kvar sin song, Tenn et lite lys, og Glade jul.

Sunnylven har gode songsolistar i Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim, begge med vakker songrøyst som «fargela» konserten på flott måte.
Kristin Storstein hadde funne fram ein heilt ny song ho framførte og som heitte Fangens julekveld. Deretter song Oddbjørg og Kristin den amerikanske songen Do you hear what I hear, eitt av dei vakre innslaga med Gunnar Inge Eide ved pianoet.

Damekoret.

Ekstra vakkert vart det også frå Damekoret med solistar under dirigent Kristin Storstein denne jula. I år har dei blitt heile fjorten unge og eldre songarar.
No koma Guds englar, Den vakreste julen, Her kjem me dine arme små, og Time for peace stod på repertoaret til Damekoret denne gongen, alt utruleg vakkert framført og ei stor glede å høyre. Eit kor som kanskje burde hatt fleire oppdrag enn berre denne eine under julekonsert i Sunnylven kyrkje.

Julekonserten i Sunnylven kyrkje, ein av dei beste nokon gong vart ei stor oppleving. Og tradisjonen tru avslutta med allsong til trompet og mektige orgeltonar i «Deilig er jorden».

To gode solistar, Kristin Storstein t.v. og Oddbjørg Stadheim

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380