Lokalnytt

Heider til dirigent Trond Otto Berg.

Sunnylven skulekorps, «hjartebarnet» som dirigent Trond Otto Berg sjølv har kalla det til hellesylt.info ved høve.

Trond Otto Berg kom til Sunnylven skulekorps som dirigent i 1996 og har såleis styrt dirigentstokken for skulekorpset i 26 år på rad.
Ei så lang dirigenttid vart gjort litt stas på av korpsstyret under julekonserten.

Leiar i styret for Sunnylven skulekorps Oddbjørg Stadheim tok mikrofonen etter siste innslag frå korpset og overrekte eit gåvekort til Berg. Merksemda skulle eigentleg vere i fjor etter 25 år, men då vart konserten avlyst grunna korona så då blei det i år.Ho lova at meir en eit gåvekort ville kome litt seinare.

Oddbjørg var 17 år og i korpset då han tok til i 1996, og med hans fyrste speleoppdrag med korpset som var opning av Hellesyltporten. Seinare har det blitt mykje anna, sa ho, både på reiser og konsertar. Framleis er Oddbjørg med som leiar i styret, som musikar og som mor til to nye musikantar i korpset. Trond Otto Berg har så langt 26 år som dirigent og har lagt ned eit stort arbeid ho håper han vil halde fram med. Oddbjørg Stadheim takke så mykje for innsatsen så langt, både på vegne av styret, foreldre og alle som har spela under hans dirigentstokk.

Leiar for korpsstyret Oddbjørg Stadheim overrekte gåve med gode ord til dirigent Trond Otto Berg.

Trond Otto Berg var tydeleg glad merksemda han fekk og ein lang, lang applaus frå dei frammøtte i kyrkja. Berg takka så mykje for gode ord for ein jobb han sjølv har sett stor pris på. Han følte seg alltid velkomen både av leiing og korpsmusikarar, i ein jobb som også har forma han som menneske, sa han.
-Når ei arbeidsveke var over og eg skulle til Hellesylt på speleøving med korpset kunne det av og til vere slitsamt. Men tilbaketuren til Stranda var alltid lettare, eg hadde fått påfyll av ny energi gjennom øving med Sunnylven skulekorps, sa Trond Otto Berg.

Trond Otto Berg skifta jobb nyleg, frå kulturskulen i Stranda til jobb på Vestnes.
-Av det fyrste eg gjorde då var å ringe til Oddjørg å fortelje at eg var i ny jobb, men at eg gjerne ville fortsette som dirigent i Sunylven skulekorps om dei ville ha meg. Eg fekk eit bekreftande ja i telefonen, fortalde han til hellesylt.info, og la til;
-Det som gjer jobben på Hellesylt så fin er samhaldet. Og oppslutninga om korpset. Og flyttar korpsmedlemer frå bygda for arbeid og skule andre stader kjem dei heim og stiller på i korpsrekkene, slik som til julekonsertar og ved andre speleoppdrag.

Sunnylven skulekorps har no 14 musikarar, og fleire aspirantar som er i korpsrekkene alt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380