Hydrogenfabrikken opnar i november 2023.

Utbygging av Norwegian Hydrogen sin fabrikk på Hellesylt er i rute. Denne veka var det byggemøte og synfaring av tomta der fyrste del av grunnarbeidet er ferdig.
Under grovplanering av den vel fem dekar store tomta til Norwegian Hydrogen måtte det gjerast ein del utskifting av gamal fylling. Masse av jord og anna biologisk materiale vart fjerna og erstatta av steinmasse frå tunneldrivinga på Ljøvegen, fortel prosjektleiar Andreas Wenaas Østigård.
Han og byggeleiar Dag Østigård var på Hellesylt torsdag for byggemøte saman med folk frå entreprenøren Opshaug AS, Stranda.
Alt har gått etter planen og utan uhell av noko slag, får vi oss fortalt. Heile arealet aust for Formvac og der det låg ei diger steinrøys er ferdig planert, men med haugar av knust masse som skal nyttast seinare. No skal det fyrst leggast røyr i grunnen for vatn, avløp og anna, og deretter skal haugane med pukk og grus jamnast ut slik at tomta blir heva ca. ein meter, fortel Østigård.
Det skal også byggjast vollar som skal beplantast, og det skal kome gjerde kring hydrogentomta.
Både byggeleiar og prosjektleiar minner om at vi lever i ei tid med mange og krevjande utfordringar, men begge slår fast at alt er i rute til opning i november neste år. Utstyret er tinga og blir levert i juli / august 2023.
No blir det jobba med kundar og leveransar av grøn Hydrogen frå fabrikken på Hellesylt. Andreas Wenaas Østigård er sikker på at dei har avtakarar i boka når produksjonen er i gong.
Når tomta er heva og ferdig planert vil der framleis ligge igjen ein del steinmasse i området som kommunen eig og er tenkt til bruk når ny ferjekai skal byggjast på Hellesylt.