Julaftan i Sunnylven kyrkje
Endeleg etter år med koronapandemi kunne fastbuande og heimvende julegjestar stige inn i vakre og høgreiste Sunnylven kyrkje julaftan. Ein stemningsfull time for fram mot 200 unge og eldre.
Prestevikar Ann Kristin Langeland leia gudstenesta julaftan i ei mykje fullsett Sunnylven kyrkje. Ikkje berre bygdefolket fann vegen til kyrkja på ein fin vinterdag, også mange hadde kome heim til jul og til ei høgtidsam gudsteneste i kyrkja.
Frå preikestolen og nettopp det «å kome heim» handla julepreika til Langeland om. For i juleevangeliet kom Josef og Maria heim til sin by der dei skulle innskrivast i manntalet. Og der heime i Betlehem vart Jesus-barnet født.

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje vart ei vakker samling med kjende og kjære julesongar, Damekoret med solist Kristin Storstein song «Den vakaste julen», (sjå video), Lars Kvam Karbø, fast vikar under julegudstenester i Sunnylven sat både ved orgelet og ved piano, og eit mannskapsredusert Sunnylven skulekorps leverte like fullt vakre juletonar som vart avslutta med allsong og «Deilig er jorden».
