Julebrev frå presten
Ann Kristin Langeland er prestevikar i Sunnylven og Stordal. Fram for ei travel julehøgtid har ho sendt nokre ord om det fastbuande og andre julegjestar kan oppleve om ein tek turen til Sunnylven kyrkje.
«Det å gå i kyrkja i jula har for mange av oss vore ein god og fin tradisjon heilt frå barndommen av. No har vi hatt to år med pandemirestriksjonar, men i år er alle, alle velkomne til kyrkja for å vere med å skape nye og gode juleminner, både for liten og stor.
Julaftan er det gudsteneste i Sunnylven kyrkje kl 16.00. Det er med stor glede vi kan fortelje at både Sunnylven skulekorps, Damekoret og Kristin Storstein vert med.
Ved orgelet set vår faste julevikar Lars Kvam Karbø og spelar fram juletonane. Ann Kristin Langeland leier gudstenesta. Vi trur at vi kan driste oss til å gje ein garanti om absolutt julestemning.
Fyrste juledag er det høgtidsgudsteneste i kyrkja kl 11.00. Denne gudstenesta er også leia av Ann Kristin Langeland. Lars Kvam Karbø spelar til salmane og vi får soloinnslag ved Kristin Storstein.
Fakkeltog nyttåraftan
Nyårskvelden vert det også samling i kyrkja kl 21.00. Og i år oppmodar vi sterkare enn nokon gong om at folk sluttar opp om fakkeltoget, som startar frå Samfunnshuset kl 20.30. Vi treng å tenne lys i mørket, vi treng å kjenne på fellesskap og vi veit at bebuarane på omsorgssenteret ventar på at vi stansar utanfor for å helse godt nytt år.
Så opp av godstolen, ta fakkel eller stjerneskot med og tenn eit lys for håp og fred på jord. I kyrkja skal det vere varmt og godt, det vert fine musikalske og verbale innslag (eg kjem tilbake til «mannskapslista» når eg har den bekrefta), som gjev tanken ro inn mot eit nytt år.»
Med helsing
Ann Kristin Langeland
Prestevikar i Stordal og Sunnylven
Tlf: 976 87 525