Julehelsing, song og servering på julesamling
-I dag skal vi ha ein førsmak på julehøgtida, sa leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland då ho ønska vel møtt til julebord for medlemar. I alt 71 av dei møtte på samlinga i eit julepynta kyrkjelydshus.
Samlinga på Sunnylven kyrkjelydshus opna med allsong av salmen Deilig er jorden.
-Vi syng ofte denne salmen sjølv om vi veit at det er krig i Europa. Eg seier dette for å minne oss om kor godt vi har det i landet vårt. Og sjølv kor brutalt krig er må vi ikkje slutte å synge denne songen eller gje opp håpet, men dele eit smil og eit handtrykk, det kan bety så mykje for dei det gjeld, sa Astrid Langeland.
Smak sin mat smaka
Frå Stryn kom Nils med hovudretten frå matleverandøren Smak. På det store langbordet kom det besta av julemat, pinnekjøt ribbe, pølse og alt det andre som høyrer med til det gode julemåltidet. Kjøtet var levert av kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt, vart vi oss fortalt.
Til sist vart det både kaffi, karamellpudding, riskrem og kromkaker baka av medlemane sjølve under laget sin juleverkstad tilegare i haust.
Songar frå juleplate
Det vart trivelege timar og mykje god julemat på Sunnylven kyrkjelydshus. Der var det i tillegg både song og musikk, julehelsing, utdeling av gåver frå laget til medlemer som har runda 70 -80 – og 90 år, og trekning av laget sitt store julelotteri.
Oddbjørg Stadheim med tonefølgje av Elisabeth Runde på tangentar stod for vakker song og musikk under samlinga. Dei to framførte songer frå Maria Haukaas Mittet si plate der vi fekk høyre Nord-norsk julesalme og Lys i mørketida av Trygve Hoff, og Høgt under himmelens stjerner. Eit innslag som forsamlinga tydeleg sette pris på.
-Ei bøtte julestjerner
Lyttande vart også alle til pestevikar Ann Kristin Langeland si julehelsing. Ho hadde tenkt litt på kva ho skulle snakke om, sa ho og opna med å fortelje frå skulegangen i samband med utdanninga til prest.
Langeland tykte det var litt slitsamt å gå skule igjen i vaksen alder og ho lurte på om ho hadde så mykje å lære. Men etter kvart fekk ho ny kunnskap til nytte i prestegjerninga, sa ho.
Julehelsing vinkla ho også mot stjerna som er del av julepynten for alle, og der tok ho fram ei historie ho hadde fått seg fortalt til ei gravferd nyleg.
Det var ein klar vinterkveld at den avlidne som liten gut stod på tunet heime og såg på stjernehimmelen saman med tanta si.
-Ser du alle stjernene, spurde tanta den 4 -5 år gamle guten. -Ja, skal vi plukke ei bøtte av dei? var svaret han kom med.
Stjernene og stjerna som ein gong viste vegen til stallen, betyr så mykje for mange. Det viser oss i julstida då julestjerna heng og lyser over alt mellom oss.
Å plukke ei bøtte av dei frå himmelen er sjølvsagt fysisk umuleg, men tenk om vi kunne ha gjort det og delt ut av dei, det ville ha gleda mange. sa Ann Kristin Langeland.
Blir til dei blir kasta
Julebordsamlinga i Sunnylven pensjonistlag vart avslutta med trekning av laget sitt julelotteri, ei lita «maratontrekning» der fleire ti-talls gevinstar skulle få sine vinnarar.
Så takka Astrid Langeland så mykje for frammøtet og ei gild stund, og la til;
-Om dokke veit om nokon som vurderer å melde seg inn som medlemer i pensjonistlaget, men er redde for å bli valgt til noko har dei ingen ting å frykte. Vi i styret blir sitjande til vi blir kasta, sa ho.
Det var nok ein fin beskjed å få for valnemnda før årsmøtet i februar.