Julestemning på tombola i gamleskulen
Leiinga i Gamleskulen aktivitetsmuseum var godt nøgde med frammøtet på årets juletombola. Både sal av kaker og snurrelodd gjekk unna, til inntekt for vedlikehald av skulebygget frå 1898.
Det var tradisjon over juletombolaen på gamleskulen på Hellesylt. I den store vedomnen brann det godt så varmen gjorde det godt å kome inn.
Her var det høve til å kjøpe både kaffi og kaker, og prøve vinnarlukka på 2500 snurrelodd. Nesten alle lodda gjekk ut og berre to gevinstar låg igjen då tre timar med førjulstombola på gamleskulen var omme.
Det vart eit koseleg førjulstreff der mange var innom. Og inn i den gamle skulestova kom jula då Bjarne Sjåstad sette seg på orgelkrakken og «leita» fram tonane på det gamle trøorgelet til fleire kjente og kjære julesongar. Og forsamlinga på rundt 30 unge og eldre song med på dei fire songane, Det lyser i stille grender, Eg er så glad kvar julekveld, Glade jul, og til sist Deilig er jorden. Då vart julestemninga kveikt i år.
No har Bjarne spela julesongar to år på rad og då er det blitt tradisjon. Så velkomen tilbake også neste år Bjarne både som organist og songar, sa leiar i styret for gamleskulen, Arne Ringdal då han takka for spelinga.