LokalnyttLokalsport

Leiarskifte i Sunnylven skyttarlag

Desse vart heidra på årsmøtet i Sunnylven skyttarlag for lang og god innsats for laget. Frå venstre Bård Øye, Rolf Matvik, Oddmund Fivelstad og Rune Tryggestad.

Ivar Fivelstad vart ny leiar i Sunnylven skyttarlag på årsmøtet 30. november.  Saklista innehaldt vanlege årsmøtesaker i tillegg til ei orientering om «Ny 100-meter standplass» i Hyttehola.

Arbeidet med å rive den gamle 100-meters standplassen er i gang. Laget har fått innvilga byggesøknad og ein ser for seg at grunnarbeid og bygging av ny standplass kjem i gong ut over neste sommar.

Til val på årsmøtet ønska fleire i styret avløysing denne gongen. Både kasserar Bård Øye og ungdomsleiar Rune Tryggestad hadde begge signalisert tidleg i haust at dei ikkje tok attval.
Til årsmøtet hadde valnemda nye forslag til nytt fulltalling styre. Ny leiar vart Ivar Fivelstad, etter Ola Vangen som har hatt leiarvervet i fem år, men som heldt fram med andre verv i laget.

Det nye styret i Sunnylven vart:

Leiar – Ivar Fivelstad
Nestleiar – Dag André Hauge
Kasserar – Ola Vangen

Ungdomsleiar – Ola Vangen
Styremedlem – Kjell Oddvar Frøysa
Styremedlem – Kristian André Frøysadal Hauge
Styremedlem – Kristoffer Frøysa

Avtroppande leiar, Ola Vangen, avslutta årsmøtet med å takke kasserar og ungdomsleiar for deira innsats i styret. I tillegg trekte han fram Oddmund Fivelstad og Rolf Matvik, to engasjerte eldsjele som har bidrege mykje i styret, men også for skyttarlaget generelt.

Det blei delt ut blomar til alle fire, samt ei ekstra markering som takk for innsatsen så langt.

Diplom frå Det Frivelege Skyttarvesen (DFS) for lang og tru innsats, med underskrift av president og generalsekretær i DFS, og i tillegg samlagsleiar for Sunnmør, Ola Vangen, blei gitt til Bård, Oddmund og Rune.
Rolf Matvik fekk tildelt Det Frivelege Skyttarvesen sitt skjold med ei ekstra helsing frå Noregs skyttarstyre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380