Lokalnytt

Mange fellingsløyver igjen i Stranda kommune

Hjort i Steimsåsane i Sunnylvsbygda. (Foto: Ragnhild Stadheim)

I heile Stranda kommune var det 1. desember innmeldt 333 felte hjort. Etter justert arealgrenser for nokre jaktvald vart det tildelt 696 fellingsløyver i år.

Hjortejakta i kommunen har stoppa litt opp noko som truleg skuldast det fine og milde veret i haust. Sekretær i Viltnemnda i Stranda, Asle Johan Bergseth Konnerth har fått meldingar frå «feltfolket» at hjorten har stått høgt på gode beite i heile haust, heilt opp til tregrensa og trygge for jegerar.

I alt 333 hjort har blitt felt så langt.
Av desse er 62 bykkar, 77 koller, 44 spissbukkar, 45 fjorskalvar.
Av andre kalvar er det felt 60 hodyr, og 45 hannar.

Største hjorten under jakta i år var ein bukk som vandra i området Tryggestad/Lillebø, men tok turen til Nibbedalen der han vart skoten. Kronhjorten vog 160.- kilo.
Også på Vollset i Sunnylvsbygda vart det skote ein kronhjort på mellom 140 – 150 kilo, har Konnerth fått inn rapport på.

Men ikkje alt er av det store slaget, for i heile kommunen er det skote ein god del kalvar under 20.- kilo, såkalla skrapedyr.

Det er berre tre veker igjen av hjortejakta i år, men Asle Johan Bergseth Konnerth har tru på fleire felte hjort i desember. 8. desember er det fullmåne og blir det kaldare ver brukar det å auke fellingsprosenten.
Han registrerer at Geiranger har hatt betre jakt i år enn tidlegare. Av vel 30 løyver er der felt 27 dyr.

Sjølv om enkelt jaktfelt har fylt sine kvoter har jaktvaldet dyr å jakte på. Konnerth håper dei samarbeide innafor jaktvalda slik at det blir skote fleire. Her er rikeleg med dyr å jakte på, meinar han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380