Lokalnytt

Ny suksess for «nissekorpset»

Det vart servert risgraut til alle i Sunnylven skulekorps.

Musikarar og dirigent i Sunnylven skulekorps var alle oppstasa med nisseluer då kjente og kjære juletonane var å høyre på Hellesylt laurdag. På søndag blir «Nissekorpset» å høyre i Sunnylven kyrkje.

Etter ein lang øvingsdag til årets julekonsert for dirigent og 19 unge musikantar i Sunnylven skulekorps var det tid for matpause. Og då dei kallar seg og klær seg som nissar denne dagen var det sjølvsagt risgraut som vart servert, med fleire mandlar i. Funn av ein mandel enda med mjølkesjokolade i premie.
Under grautfesten vart det delt ut korpsmedaljer til mange av musikarane, for 1 år, 3 år, 5 år, og 10 år deltaking.

 

Frå blankpussa instrument og som tradisjonen er like før jul spelar Sunnylven skulekorps julemelodiar på dei to butikkane på Hellesylt, Coop og Joker. I år tok korpset turen også til Sunnylven omsorgssenter for å spele til bebuarane der, noko vi trur gleda også der.
Innom butikkane kom mange, kanskje eit trettitals publikum for å høyre minikonserten til nissekorpset i Sunnylven, så kassaapparata fekk pause litt på begge butikkane.

Her held korpset minikonsert på Sunnylven omsorgssenter til glede for fleire av bebuarane, og som fekk ønske om God Jul frå korpsmusikantane.

Korpset spela mange av dei kjente julesongane som; O jul med din glede, Bjelleklang, Glade jul og fleire, og på både dei to butikkane og på omsorgssenteret vart minikonserten avslutta med Deilig er jorden.

Søndag 18. desember er det julekonsert i Sunnylven kyrkje med lokale song og musikkrefter som aktørar. Her er sjølvsagt Sunnylven skulekorps med under sin dirigent i 26 år, Trond Otto Berg. Under konserten vil korpset spele både norske og internasjonale versjonar av julemusikk, har vi fått oss fortalt.

Sunnylven skulekorps har fire aspirantar i år.
Korpsleiing og musikarar i Sunnylven skulekorps.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380